Herlege Hennøystranda

Vi som var så heldige å få komme til Hennøystranda 4. mai, opplevde ein minnerik dag i det nydelege vårveret. Bygdelaget hadde laga til ei fin ramme rundt basaren for oss omlag hundre som deltok. Folk kom og med eigne båtar utanom skyssbåten frå Leirgulen.

I skulebygget var det loddsal og kafeutsal av svært så rimelege og smakfulle kaker. Der var det og kø for å kjøpe lodd i håp om å ta heim ein av dei mange fine gevinstane.

Det vart og servert betasuppe med hjortekalvekjøt, ei suppe det vil gå gjetord om så velsmakande som ho var.

Mange nytta høvet til å sjå heile det unike området, inklusive den gamle gravplassen med majestetiske Hornelen i bakgrunnen. Andre prøvde miniatyrskyting, øksekasting eller var innom loppemarknaden nokre jenter hadde i ein lavvo. Andre såg innom museumet til Ansgar Hennøy.

Forfattar Sverre Stokke hadde gitt nokre eksemplar til bygdelaget av den vakre boka si om Hennøystranda: «Kome til, og reise frå». Mange kjøpte den signerte boka.

Takk til Hennøystranda bygdelag for opphaldet i det nydelege veret og for at vi alle fekk med oss den beste gevinsten heim: Eit minne for livet!