– Laurdag 14. mai kan du sleppe laus din indre diva og danse deg sveitt til europeiske rytmar, skriv Kraftstasjonen i Måløy, som inviterer til Melodi Grand Prix-fest.

Her blir ein oppmoda om å kle seg «Grand Prixisk», med glitter og glamour, knæsje fargar og paljettar som skapar ein ekstra god MGP-stemning.

MGP-sendinga blir vist på storskjermen deira, og Kraftstasjonen vil ha ein «lounge» for dei ivrige følgjarane. Alle får eige poengskjema, slik at ein har høve til å dele ut poeng til sine favorittar.

Kraftstasjonen vil også ha ein liten MGP-quiz i pausen for dei som ønskjer å teste MGP-kunnskapane sine. Det er Mica event ved Monica R. Egeberg som vil stå for pyntinga av lokalet.