– Ho har hatt fleire utstillingar i Tyskland med ein annan serie, men dette blir første gong hos meg, fortel Thomas Bickhardt, som driv studiogalleriet og kursstaden BickBlikk i Selje.

Bileta viser det indre landskapet av bymenneske i sine mørke, einsame omgivnadar.

– Lara har vore trainee på fotografi og digital bildebehandling hos meg for ti år sidan, før ho gjekk til fotografutdanninga med fagbrev i Berlin. Ho har også mellom anna vore på folkehøgskule på Sørlandet, seier Bickhardt om eldstedottera sin bakgrunn.