– Det var Anders Lefdal, som bygde Norsk Fjordhestsenter, som lurte meg til Norge. Og eg jobba for han i dei tider. Eg hadde drive med fjordhest i Tyskland, seier Erhard Martin.

Få kjenner fjordhestmiljøet i Eid som Martin. Sidan han flytta til Eid i 1985 har han drive med fjordhest.

Norsk, engelsk og tysk

Hingsteutstillinga trekker folk frå heile verda til Nordfjordeid.

– I år hadde vi besøk frå Danmark, Sverige, Finland, Belgia, Nederland og Tyskland. Vi brukar også å ha besøk frå USA og Canada, men det hadde vi ikkje i år. Eg har tidlegare teke speakeroppdraget på norsk og engelsk, men det er jo lett for meg å ta det på tysk også. Det blir ein ekstra service. Hjartebarnet mitt er det internasjonale kontaktnettet rundt fjordhesten, og eg forsøker å ta meg av dei besøkjande, smiler han.

– Høg kvalitet

Erhard Martin har sjølvsagt fått med seg hingsten Herlig.

– Det dukka opp fleire hingstar enn vi trudde og no aukar talet på føl. Dette var ei av dei verkeleg gode hingsteutstillingane.