Den aller første konserten var i storstova på nye Svelgen omsorgssenter fredag kveld, og Grete Berntzen i Silisium Vokal seier det var naturleg å stikke innom og synge for dei eldre som ikkje kunne kome seg ned på konserten.

– Vi var innom tre avdelingar og song. Det var veldig hyggeleg å få synge for dei som ikkje kunne kome på konserten. Vi gjorde det same på Haugetun på laurdag.

Gode på harmoniar: Alle medlemmene i gruppa er kjende for songen sin i Bremanger kommune. No er dei samla i eit vokalensemble.

Alt i alt synest Berntzen at konsertane, både i Svelgen og på Heimen, gjekk veldig bra.

– Vi var jo veldig spente sidan dette var første gongen vi skulle ha konsert. Vi var spente på korleis det skulle fungere på scenen, med bandet og med publikum. Men vi er veldig fornøgde no, seier Berntzen som fortel om fulle hus begge stader.

Storstova i Svelgen er relativt nyleg teken i bruk som konsertlokale, men Berntzen likte rommet som konsertlokale.

Det nye vokalensemblet består at Linn Therese Belseth Heldal (f.v.), Linn Karin Sande Igland, Silje Pauline Dahle, Elisabeth Solbakken, Monica Liseth Hauge (ståande), Eliise Tuul, Hilde Gretha Hauge, Jane Elisabeth Hoel og Grete Berntzen. Alle

– Vi var jo litt spent på det også. Men det var eit godt rom å synge i, og der var plass til ein rundt 120 personar. Det kan godt hende vi vil synge der igjen, smiler ho, og fortel om ros for god lyd.

Positiv mottaking

Berntzen fortel at det nystarta vokalensemblet som består av ni kvinner som likar å synge ikkje har fått anna enn positive tilbakemeldingar sidan oppstarten.

– Det er vi veldig glade for. Folk seier til oss at dette er noko nytt, noko dei ikkje har høyrt før i kommunen, og det er jo hyggeleg.

Og folk likte også det dei høyrde på fredag og laurdag. Folk Fjordenes Tidende har snakka med fortel om imponerande vokalprestasjonar og stor stemning på konsertane.

– For oss er det jo morosamt å gjere poplåtane med band og full guff, men det som overraska oss litt, var kor utruleg gøy det var å oppdage kontrastane mellom full guff og dei heilt vare og «nede» tinga, i a cappella. Det kan vere skummelt å synge a cappella, det blir nakent og gjennomsiktig. Men det kjem vi til å gjere meir.

Akkompagnert: Dei ni damene i gruppa hadde støtte frå eit band beståande av Jarle Grotle, Raimund Hoclas, Espen Skartun og Tor Olav Helldal.

Det var Elisabeth Solbakken som tok initiativet til å starte Silisium Vokal, og ho hadde og sett saman repertoaret til debutkonsertane.

– Ho har plukka ut frå kva songar ho synest er fine, men også lagt mykje vekt på gode arrangement, og at songane er utfordrande, men samtidig gjennomførbare, seier Berntzen som vil takke publikum:

– Det var så utruleg kjekt å få synge for folk, og vi gleder oss til fortsetjinga.