Svelene hadde fått tildelt lavvoen på festivalområdet til å starte laurdagen på rockefestivalen.

Allereie før innslepp var det kø utanfor portane, og ein såg fort at det ville bli fullt i lavvoen.

Nokon av dei som ikkje fekk sett så mykje var ein vennegjeng frå Nordfjordeid som også hadde med seg ein ny generasjon festivalgjengarar i barnevogn.

– Vi skulle gjerne fått sett dei. Helst skulle dei spelt på ei open scene slik at fleire fekk gleda av å sjå dei, seier Magnus Eikås frå Nordfjordeid.

Resten av gjengen er eining, men det er ingen sure miner.

– Vi høyrer no musikken, smiler Eikås og ramsar opp den eine yndlingslåten etter den andre.

Magnus Eikås (t.v.) og resten gjengen skulle gjerne sett meir av Svelene som spelte inne i teltet. Foto: Håvar Fagerli

På spørsmål om kvifor Malakoff Rockfestival ikkje hadde Svelene på ei anna scene, svarar festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal:

– Det var anten speling i teltet eller ingen speling for Svelene. Det vart ein topp start på dagen.

Svelene leverte varene inne i teltet. Foto: Håvar Fagerli
Mange ville sjå Svelene. Foto: Håvar Fagerli
Slik såg det ut på innsleppet til laurdagen. Foto: Håvar Fagerli
Foto: Håvar Fagerli
Foto: Håvar Fagerli
Foto: Håvar Fagerli
Foto: Håvar Fagerli
Foto: Håvar Fagerli
Foto: Håvar Fagerli