– 238 turar blei gått til Kletten laurdag, fortel ein av leiarane i aksjonen, Nora Vorren, til Fjordenes Tidende.

Russen ved Måløy vidaregåande skule er glad for at folk støtta då dei kom på døra med bøsse og for alle som gjekk på fjellet for å samle inn pengar til kreftsaka.

Russen er spesielt imponert over Eir Blålid Todal som gjekk heile 15 gongar opp til Kletten for å støtte kreftsaka.

Eir Blålid Todal gjekk 15 gongar opp på Kletten for å støtte kreftsaka. Foto: privat

– Det var så tøft. Ho gjekk flest turar, seier Vorren.

For russen har det vore kjekt å jobbe med aksjonen.

– Alle er positive og det har vore veldig samlande, seier ho.

Mange bedrifter som har støtta

– Ulike bedrifter har støtta oss med fem og ti kroner per tur som har blitt gått. Totalt kom vi då opp i 180 kroner per tur eller innskriving, noko som blir litt over 40.000 kroner. I tillegg har ein god del bedrifter i år ønskt å støtte med eit bestemt beløp, noko som har gitt oss nesten 40.000 der også, forklarer ho.

Med summen som kom inn under bøssebæringa på 60.000 kroner, har russen samla inn rundt 140.000 kroner.

Martin Oldeide er russ og var med på å arrangere Klettenløpet. Han gjekk sjølv turen opp for å støtte. Foto: Privat

– Men vi skal ikkje gje oss heilt enno. Vi skal ha nokre kakesal og lotteri før mars månad er over, seier ho og smiler.

– Vi ønsker å takke alle bedriftene for veldig god støtte og for ikkje å gløyme Kiwi som i tillegg til støtte har gitt oss bananar som vi kunne dele ut til turgåarane, seier ho og smiler.

Det var mange som tok turen på fjellet for å støtte kreftsaka. Foto: Privat

Desse bedriftene har vore med å støtte russen sin aksjon med ein sum per tur eller eit fast beløp: Havkar Drift AS, Stadt Towing Tank, Sætren As, Husevåg Rør AS, Måløy Verft As Net Partner AS, EasyForm AS, UNU, Toyota Nordfjord, Olsen Transport AS, Brothers AS, Berge & Co Måløy, MHservice, Måløy MIX, Fagmøbler Måløy, SportS Måløy, Havfruen Måløy, Sparebanken Sogn og Fjordane, Fjordenes Tidende, Vest Motortuning, Intersport Måløy, Gravferdshjelpa Nordfjord, Hugo Farstad, Byggtorget, Båtbygg AS, Fiskevegn, KIWI Deknepollen, Selstad, SPAR Raudeberg, Babord Group, Coast Seafood AS, Isovent AS, Fjord Shipping Management, Skipskompetanse, Ulvesund Elektro AS, Husevåg Arkitektur As, NORDWEST3D, Maskinentreprenør Jimmy Nore & Sønn As, Fargerike Måløy, Strand Auto As, Måløy smie, Kontorpunkt AS, Din Vikarpartner, Radio Tv Service, Ervik Havfiske, Frøy Vest AS, Måløy Byggservice AS, Kvernevik AS og XL-BYGG.

Fin kombinasjon med fint vêr og ein fjelltur som ga pengar til ei god sak. Foto: Privat