17. mai kom til Nordfjordeid allereie i dag, fredag, då nesten 370 barnehagebarn gjekk i sitt eige tog.

– Vi gler oss veldig til den ordentlige 17. mai. Då skal vi pynte oss i bunad og kjole og ete mykje is, seier seksåringane Alma og Oda i Golvsengane barnehage.

– No når vi hadde så mykje sol så øvde eg meg på å ete is kvar dag. Eg trur eg skal klare ti isar på 17. mai, smiler Alma lurt.

– Eg trur eg berre klarer fem, seier Oda.