Denne saka er ein del av bilaget Hus & heim gitt ut av Nordfjordsamkøyringa fredag 6. mai.

Som hos mange andre var det lyse vegger, ton-i-ton tekstilar og lyst interiør i huset til familien på fem fram til nyttår. Men etter to år med pandemi kom fargane inn då jula fór ut.

– Eg trur ikkje det var berre heime hos oss at det var behov for litt forandring etter to år med pandemi og mykje heimetid. Vi ville ha forandring og første veka i januar måla eg stova rosa, fortel Annette.

Stova i huset til familien vart måla i deco pink rett over nyttår. Foto: privat

Seinare har pastellfargane fått blomstre fleire stadar i huset, som ligg idyllisk til på nedre Tennebø. Ein vegg i stova har fått fargen soft, kjøkkenet er måla i deco pink, peisen er gul og gangen er måla i ein dus lilla.

– Dei som kjenner meg seier at heimen vår no står veldig godt til personlegdomane våre. For min eigen del har eg alltid vore ein fargerik person, og no kjenner eg meg tryggare på å velje det eg likar, framfor å følge trendane.

No får pastellfargane blomstre i store delar av huset. Foto: privat
Kjøkkenet er også nyleg måla i ein pastellfarge. Foto: privat

Hobby og lidenskap

Mykje av interiøret blir dokument på Annette sin instagramkonto. Ein konto med over 3.200 følgarar.

– Interiørinteressa starta då eg flytta inn i ein ny tomannsbustad i Okshola. Der kom eg med tidleg i prosessen og fekk vere med å ta mange val. Då tråla eg interiørmagasin etter inspirasjon og tips.

Soverommet står i stil med resten av den fargerike heimen. Foto: privat

Då familien kjøpte hus i på nedre Tennebø for sju-åtte år sidan dokumenterte Annette prosessen på instagramkontoen sin, og den vart raskt populær. Men i fjor vart kontoen med over 30.000 følgarar hacka og ho mista kontoen og følgarane.

Men ho er tilbake og under kontoen annettesteneseljen hentar ho inspirasjon og forsøker å inspirere andre.

– Det kjekkaste er når folk kommenterer, spør om kvar ting er kjøpt eller om fargekodar, det gjer meg veldig glad, seier ho og understrekar at ho har fått mange nære vennskap med folk som deler den same lidenskapen og hobbyen som Annette sjølv.

Lopper og design

I tillegg til pastellar på veggane har Annette og familien fleire interiørelement som du legg merke til.

På veggane heng fleire fargesterke bilete, på eit bord ved sofaen står ein fuglelampe med knallrosa skjerm, på sofabord og kjøkkenbord er det fargesterke blomster og vasar og to kaffikoppar forma som sitronar.

– Eg er veldig opptatt av miljø og berekraft, og kjøper mykje brukt og på loppemarknad. Sjølv om eg har nokre design element, så er eg ikkje opptatt av alt skal vere design eller dyrt. Eg deler like gjerne mitt nyaste loppisfunn som bilete av ein dyr vase, seier Annette som trekk fram både Arnes blomsterverden og loppemarknaden til Turid Breidalen som to lokale skattkammer.

På eit bord ved sofaen står ein nyinnkjøpt fuglelampe. Lampen, som er dansk design, har blitt ein favoritt hos Annette. Foto: privat
Friske, fargerike blomster er med på å sette stemninga i huset. Foto: privat
Lysekrona på biletet vart sirleg demontert, spraymåla i ein turkis farge før den vart hengt opp att. Eit anna blikkfang i huset er den gule peisen i bakgrunnen. Foto: privat

Annette er også stor tilhengar av gjenbruk, og møblar og interiør ho har hatt tidlegare brukar ho gjerne igjen. Eit glasbord frå Ikea med kvit ramme har no fått gullramme og ei lysekrone med store mengder prismer vart sirleg demontert, før den vart spraya turkis og hengt opp att.

Sommarplanar

Så langt er det meste av det rundt 290 kvadratmeter huset renovert. Familien har også gjort mykje arbeid i hagen.

– Der er det mannen min som har gjort det meste. Vi har støypt mykje, sett opp ein ny mur, snikra platting og pergola.

Annette og familien har brukt mykje tid på å lage til hagen, som dei ønskjer skal gje følelsen av å vere ved Middelhavet. Foto: privat
Sjølv om dei fleste av blomstrane i hagen i dag står i krukker, er sommarens prosjekt å lage eit blomsterbed som skal innehalde lavendel og sitrusblomster. Foto: privat

Og på uteområdet skal det også skje meir i sommar.

– Planen er å lage eit blomsterbed som skal isolerast og leggast varmekablar i. Vi vil jo gjerne skape følelsen av å vere ved Middelhavet, og då hadde det vore veldig fint og fått på plass både lavendel og sitrusblomster.

– Men ute skal det vere mest mogleg vedlikehaldsfritt. Vi orkar ikkje å stå med rumpa høgst heile sommaren, smiler Annette.