Men i år blei fredagen dei skulle stå på scena avlyst grunna svært dårleg vêr. Og i 2020 var det korona som sette ein stoppar for festivaletn.

– Endeleg får vi oppleve Rotlaus på scena under Strandfestivalen. Dei er eit av dei beste livebanda i landet dei siste åra, det blir garantert allsongfaktor, og god stemning. Det er eit band som passar vår feelgood-profil som hand i hanske, seier Eva Marie Pleym i Strandfestivalen.

Rotlaus og Vestlandsfanden kjem til Strandfestivalen 2023. Foto: pressefoto

– Stort å få komme til festivalen i havgapet

Vestlandsfanden har turnert over heile landet sidan 1979.

– Det er stort å få komme til ein slik lokal festival ute i havgapet når vi no endeleg er i full gang med turnébussen. Det er flott med ein festival som har litt lokal tilhørighet og blandar litt lokale artistar med sånne som oss som reiser rundt til dei som vil ta oss imot. Vi gler oss, har frontfigur Reidar Brendeland tidlegare uttalt til Fjordenes Tidende.

– Vestlandsfanden har hatt lyst å spele på Strandfestivalen i fleire år og mange av våre trufaste festivaldeltakarar hadde eit sterkt ønske om å få oppleve dei på Strandfestivalen. Med slagerar som « For livets glade gutter» og «God som gull» blir dette ein fantastisk start på festivalen neste år, seier festivalsjef Kent Rune Bugjerde.

Til no er Stage Dolls, Rotlaus og Vestlandsfanden klare for Strandfestivalen 2023.