Ho har spelt piano i åtte år, og var før elev hos Kulturskulen i Vågsøy. Ho fortel at ho ikkje var i tvil då Alice Teunis starta privat musikkskule på nyåret, etter å ha undervist for Kulturskulen i 23 år.

– Alice er utruleg dyktig og talentfull. Ho har lært meg masse, og vi kjenner kvarandre godt etter så mange år, smiler Nirmia, som mellom anna viste publikum tamilsk filmmusikk då det var duka for sommaravslutning fredag.

Nirmia Nixon hadde totalt tre innslag, og framførte mellom anna tamilsk filmmusikk under konserten.

Breitt spekter

Åtte av totalt elleve elevar fekk vise fram kunstane sine på både orgel og piano under avslutninga i Sør-Vågsøy kyrkje. I tillegg til tamilsk filmmusikk bestod programmet av eit breitt spekter av songar, med musikk frå både Titanic og Ludwig van Beethoven. Sarah Elise Husevåg var ein av to som spelte orgel under konserten.

– Eg starta eigentleg på piano, men så har eg sett orgel på TV og synest det såg kult ut. Derfor bestemde eg meg for å prøve, og eg synest det er veldig kjekt! fortel niåringen som spelte heile tre songar på orgel.

Ho og dei andre elevane får ros av musikklæraren for å ville utfordre seg sjølve.

– Elevane tek initiativ sjølv, og det er beundringsverdig, seier Teunis.

– Belastande for unge elevar

Teunis fortel at ho er stolt over elevane sine prestasjonar etter avslutninga.

– Eg er utruleg fornøgd! At åtte elevar klarer å fylle ein heil time med program er imponerande, då det er belastande for unge elevar å spele fleire kompliserte melodiar etter kvarandre, forklarar musikklæraren.

Sarah Elise Husevåg og Olai Landøy var dei einaste som spelte piano under kyrkjekonserten. – Eg starta med piano men har sett orgel på TV, derfor ville eg prøve det, smiler Sarah.

Ho legg til at elevane sjølv har stor fridom til å velje talet på songar og sjanger sjølve.

– Sjølv om det er krevjande framføre så mange melodiar er det elevane sjølv som vel det. Dei er seriøse og hardtarbeidande, fortel ho.

Teunis forklarar at ho no har førsteårselevar og elevar som skal begynne på vidaregåande, i tillegg til vaksne.

– Eg er veldig glad for kvar elev som valde å bli med meg i den nye skulen, og håpar dei som startar på vidaregåande tek seg tid til å halde fram, fortel Teunis og legg til at ho framleis har plass til fleire elevar.

– No har eg elevar frå både Vågsøy og Selje, og øvingstidene kan tilpassast kvar elev. Alle er velkomne, avsluttar ho.