Den nye salmeboka er no på plass i Leikanger kyrkje, og fyrstkomande onsdag vil ein ta boka i bruk på salmekvelden.

– Boka inneheld mange fine, gode salmar og songar som ikkje stod i den salmeboka vi har brukt til no, men vi finn også mange av dei kjende og kjære salmane frå tidlegare utgåve, fortel Anne-Karene Vederhus i Leikanger Sokneråd.

På introduksjonskvelden i Leikanger kyrkje vert DROPS med på salmekvelden og vil leie fellessongane.

– I tillegg får vi høyre deira eigne innslag. Difor vert den fyrste salmekvelden med ny Norsk Salmebok ekstra innhaldsrik, og vi oppmodar alle til å ta del på dette fyrste møtet med den nye boka, seier ho. Det var i mars 2014 at soknemøtet på Leikanger vedtok å ta i bruk den nye salmeboka, og etter den tid har soknerådet hatt utlodding, kyrkjeoffer, fått gåver med meir til prosjektet, ifølgje Leikanger Sokneråd.