Kinn kommune

I Måløy startar dagen tidleg med festsalutt og cruiseskipet MS Renaissance legg til kai klokka sju om morgonen. Kort tid etter blir det kransenedlegging ved minnesteinen på Moldøen, ein seremoni leia av Mats Brunsvik.

Morgonprosesjon stiller deretter opp, med Måløy Musikklag i spissen. Dei marsjerer frå Moldøen opp gjennom byen til Torget, der det blir både flaggheising og ei ny kransenedlegging ved Mats Brunsvik saman med Frelsesarmeen.

Gjennom dagen opnar kiosken for sal av forfriskingar, og det blir fleire kransenedleggingar, inkludert ei ved minneplata ved Sør-Vågsøy kirke. Barna samlar seg for eit felles barnetog ved Spiralen, før det heile ender med underhaldning på Torget. Her blir det song av Måløy Songlag og ulike leikar for dei yngre.

Ettermiddagen byr på bilparade i sentrum, og dagen blir runda av med eit folketog, kransenedlegging ved Linge-monumentet, og eit stort festarrangement på Torget. Her blir det blant anna utdeling av idrettsstipend og kulturpris.

Frå 2019: I Deknepollen gjekk Skavøypoll skulemusikkorps med drill i front før toget enda opp til fest og underhaldning i Nordfjordhallen. Foto: Vidar Furnes

I Deknepollen held Måløy Songlag ein minikonsert på Kulatoppen, der også skulemusikken spelar. Deretter startar folketoget frå Kulatoppen og går fram til Nordfjordhallen der dagen held fram med servering av mat og leikar for barna. Dagen avsluttast med folkefest i Samfunnshallen med underhaldning frå drilltroppen til Skavøypoll Skulemusikk, tale av Ellen Jåvold, song frå Koret ved Skavøypoll skule, og loddtrekking.

Raudeberg skjer det også spennande ting. Bilparaden startar her, køyrer rundt Nord-Vågsøy før dei tar turen til Måløy. Det blir også fest på bedehuset med tale av Petter Lillestøl, songinnslag med husets eiga gruppe og bildevisning med John Inge Refvik.

I Holvik og Vågsvåg blir nasjonaldagen markert med flaggheising og ein minikonsert tidleg om morgonen. Seinare på dagen blir arrangert folketog i Vågsvåg, etterfølgt av barneleikar og sosialt samvær med kiosk og kafé. Kvelden avsluttars med ein guida tur til Nakkenestoppen med Ørjan Halnes som guide.

Stad kommune

Nordfjordeid startar dagen med revelje klokka sju, etterfølgt av flaggheising. Barnetoget stiller opp i Skulevegen og marsjerer gjennom bygda til Eid kyrkje, der det blir festgudsteneste med Olaf Sigurd Gundersen. I Eidahallen er det aktivitetar og leikar for barna, og dagen avrundast med gratis barnekino og flaggfiring.

På ytre Stadlandet såg det slik ut i 2020. Foto: Privat

Bygdefolket i Selje startar dagen med eit balubatog tidleg om morgonen etterfølgt av flaggheising og festgudsteneste i Selje kyrkje. Resten av dagen er fylt med leikar, matservering og eit festmøte i samfunnshuset, som inkluderer talar og kulturelle innslag.

Leikanger startar festdagen med ein festgudsteneste, etterfølgt av kranspålegging og eit folketog som går gjennom bygda. Dagen fyllast vidare med barneleikar og avsluttast med ein folkefest i grendehuset, komplett med tale for dagen og matservering.

17. mai i Selje i 2019 baud på flott vêr. Foto: Siri Kolseth

Flatraket startar dei dagen med flaggheising, før dagens arrangement startar opp ved Flatraket skule. Der blir det leikar, kafé og sal av rømmegraut, og natursti, skyting, pilkast og tipping som nokre av aktivitetane. Seinare er det duka for tog der Ytre Nordfjord Brass spelar, før det blir tale for dagen av Line Dalelv, påtroppande rektor på Flatraket skule.

I Kjølsdalen blir det tradisjonelt tog med diverse køyretøy.

Årsheim blir det flaggheising, middagsservering og ein rekke leikar og konkurransar, og på Barmen samlast lokalsamfunnet i grendehuset for ein dag med tog, leikar og eit felles matbord.

Moldestad grendelag inviterer på betasuppe og aktivitetar som skyting, pilkast, hestesko med loddsal. Der blir leikar for barna på grusbana, kaffi og kaker og Dieter Schurer holder tale for dagen.

Bremanger kommune

I Bremanger byr dagen på flaggheising tidleg om morgonen, etterfølgt av eit folketog som endar ved kyrkja. Der blir det minnetale og kranspålegging, før det er tid for gudsteneste. Etter det startar aktivitetane der mellom anna barneleikar og ein hesteskokastekonkurranse står på programmet. Dagen avsluttast med ein folkefest i Bremangerhallen, der det også er kino for dei yngre.

Dette bildet er tatt i Bremanger i 2020. Foto: Privat

I Kalvåg startar med salutt og flaggheising, før det blir gudsteneste i Frøya kyrkje. Gjennom dagen er det fellestog, taler, og leikar for både barn og vaksne, og dagen avsluttast med barnefest og folkefest for dei eldre.

I Kolset krins markerer dei dagen med flaggheising og gudsteneste, etterfølgt av minnemarkering ved bautaen og eit lokalt tog. Det blir servert rømmegraut og spekemat før ei rekke leikar og aktivitetar, og dagen avundast med folkefest og dans utover kvelden.

I Svelgen startar dei også dagen med salutt og flaggheising, og deretter eit spesielt båttog som går frå hotellkaia via Breivika, Båtvika og Mevika før det går tilbake til hotellkaia. Det blir også gudsteneste og kaffi- og kakesal før barne- og folketoget begynner. Ettermiddagen byr på barneleikar og ein kulturkafé med musikk og talar. Dagen avsluttast med bilrebusløp og cruising, organisert av den lokale Amcar-klubben.