– Å vere på haustfest er kjempekjekt! 4H-klubbane har lagt ned mykje arbeid for at dette skal verte ein festdag, seier Hilde Sværen, organisasjonsrådgjevar i 4H Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

– Det er medlemane sjølve som er vertskap, og mange unge får debuten sin frå scenekanten denne kvelden. Klubbane stiller ofte med heimesnekra innslag som sketsjar, song og musikk – til stor glede for bygdefolket, foreldre, søsken og andre, heiter det i pressemelidnga.

Gjennom året har kvart 4H-medlem jobba med eit sjølvvald prosjekt, som dei stiller ut denne kvelden. Det er stor spennvidde, alt frå dyrestell og dyrking til handarbeid og matlaging.

Engasjementet og aktiviteten i og rundt 4H-klubben skapar mykje liv og røre i bygdene. Mange stader er haustfesten eit viktig møtepunkt, her møtest unge og eldre til ei hyggeleg stund ilag.

– Eg er stolt over det arbeidet som 4H-medlemene og 4H-klubben gjer i og for lokalsamfunnet sitt! smiler Sværen.

Den første haustfesten har allereie gått av stabelen, og fram til midten av november vil det gå slag i slag med haustfestar over heile fylket. Mange 4H-klubbar nyttar høvet til å gjennomføre festen på naturmøteplassen sin og samstundes få vist den fram.

«Å lære ved å gjere» er mottoet til 4H. Gjennom arbeid med prosjekt innan ulike tema, verv i styre og mykje, mykje meir, lærer barn og unge å skape aktivitet og engasjement i lokalsamfunna – noko dei får nytte og glede av no, og også seinare i livet.