– Eigentleg treng eg ikkje pynte så mykje her for her er jo så fint i seg sjølv. Med nydeleg natur og av og til dei finaste fargane, seier han og legg til:

– Men du veit desse lyslenkene... Dei er ikkje lette å ha orden på. Eg brukte sikkert 20 minutt å få meg sjølv ut av lenka etter å ha pynta området, ler han.

Klarer du å sjå kvar han er?

Send svaret ditt til oss på fjt@fjt.no, via Fjordenes Tidende sin Insta eller kommenter under saka på Fjordenes Tidende si Facebook-side.

Svar på LUKE 4:

Innan klokka 24.00, 4. desember, var det 282 som hadde gjetta på Facebook og åtte via epost og fire på Fjt sin instagramkonto.

Nokre trudde Bertrand hadde tatt turen til Kvalheim eller til Halsør, men det rette svaret er Kjøde.

Av dei som hadde tippa rett er det Elise Flataker Sandvik som er heldig å få ei lita Fjt-juleoverrasking. Gratulerer!