- Over 100 personar, både born og vaksne, møtte opp på Karlsskaret i Ålfotedalen, fortel Kari Songedal.

Kom deg ut-dagen er Den Norske Turistforening sin nasjonale turdag, og blei i år arrangert 5. februar. Songedal fortel at Barnas Turlag i Bremanger hadde laga til både lavvoar, bålpanner, slakkliner og tau for å markere dagen.

- Dei som ville kunne òg delta i turtipp-konkurranse med premiar, og på slutten av dagen hadde vi tautrekking, fortel ho.

I tillegg fekk Karlsstova ei bålpanne i gåve, som takk for at turlaget har fått nytte seg av anlegget deira i så mange år.

- Små og store kosa seg i finevêret, og vi håpar dagen gav meirsmak slik at mange har lyst til å vere med oss på tur neste gong også, seier Songedal.

Også på Nordfjordeid og i Måløy var det mange som ville vere med på Kom deg ut- dagen. Ragna Flatland er leiar i Barnas Turlag i Eid, og fortel at det også der var stor stas med bålpaner, pølser og pinnebrød.

- Veldig mange spikka seg også eigne grillspyd, og det var så populært at vi gjekk tom for emner til slutt, seier ho.

Fjellvettreglar var tema for dagen, og ein kunne mellom anna prøve seg på ein quiz om tema.

- I tillegg gjekk nesten alle naturstien, og dei som ville kunne bli med på lesestund i lavvoen, eller prøve seg på hesteskokasting.

- Og så ropar vi høgt hurra for dei 32 nye medlemmane vi fekk!

I Måløy vart dagen markert med quiz, ballspel og frisbee på Moldøen.

- Meir enn 150 kom for å vere med, og vi hadde ein fantastisk dag saman, seier Wenche Gangsøy i Barnas Turlag i Vågsøy.