Tipsa er henta frå Fjordenes Tidende sitt sommarmagasin Havsalt sommar og er frå kommunane Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

Moldøen har aktivitet og historie

Foto: Rune Henden

Under Måløybrua, skult bak industribygg, ligg ei lita perle. På Moldøen ligg det framleis restar etter kanonstillingar og forsvarsverk etter andre verdskrig. Her finn du også minnesmerke etter dei falne under krigen. Turstien på Moldøen er oppgradert og området er tilgjengeleg for alle. I tillegg til historie og kultur, finn ein også ei fantastisk dicgolfbane i området. Den består av 24 hol som ligg plassert over hele øya og dannar ei spennande bane med mange artige utfordringar for store og små. Frisbeegolf fungerer som vanleg golf, der dei med færrast kast vinn. Dette er ein spennande og rimeleg hobby som alle kan prøve, ingen er for unge og ingen er for gamle. Området er ope for alle.

Storslått gatekunst ventar

Foto: Gjert Myrestrand

Ein grå betongby omkransa av fantastisk vestlandsnatur og ei spennande kystkulturhistorie, var utgangspunktet til Tone Andal då ho bestemte seg for å satse på eit gatekunstprosjekt på Vågsøy. Det første veggmåleriet vart oppført i 2017, og fleire har dukka opp etter kvart. Bak dei om lag 20 veggmåleria står bade nasjonale og internasjonale kunstnarar. I Måløy sentrum finn du mellom anna Størja, Gullfiskaren og det 275 kvadratmeter store veggmåleriet MS Moldøen.

Veit du kven Mad Jack var?

Foto: Marianne S. Rotihaug

Om du er interessert i å lære meir om krigshistoria, Måløyraidet og kaptein Martin Linge er Måløyraidsenteret noko for deg. Her blir du tatt med på ein autentisk tur gjennom historia om Operation Archery, Måløyraidet, som utspelte seg i gatene i Måløy 3. juledag i 1941. Andre etasje i bygget er via til historia rundt sjølve Måløyraidet som føregjekk i gata rett utanfor, med forhistoria, kamphandlingane og verknadane. Tredje etasje gjer ære på kaptein Martin Linge, Kompani Linge og fortel historia rundt Shetlandsfarten. I fjerde etasje har det kome ei ny utstilling med forteljinga om Tysklandsbrigaden og dei 50.000 nordmennene som tenestegjorde der etter krigen. Frå sesongopninga tidleg i juni vil senteret vere ope for publikum fram til midten av august. Då er senteret ope nokre dagar i veka.

Spaser gjennom byhistoria

16. mai fylte Florø by 162 år, og den vestlegaste byen i Norge byr på sjarmerande småbyliv. Her kan du nyte småbyidyllen samstundes som du har kort avstand til spennande aktivitetar og naturopplevingar. Florø er ein by med sjel og engasjement. Byen starta si historie i dei «gode sildeåra» og vart tildelt bystatus i 1860. I dag, 162 år seinare, har Florø vakse fram til å bli ein innovativ, jordnær og kompakt by, skriv Fjord Norway om byen. Florø er også eit perfekt utgangspunkt for naturbaserte ferieopplevingar som blant anna, kajakk i skjergarden, båtturar til dei vakre øyane ute i havet, segling og opplevingar med rib-båt. Treng du fleire tips i Florø-området, så er turistinformasjonen i Florø open heile året.

Sjå dei 3.000 år gamle figurane

Med høge fjell og beitemarker på eine sida og fjorden på andre sida ligg helleristningsfeltet i Ausevika, mellom Stavang og Eikefjord. Feltet inneheld over 350 figurar og er eit av dei største i Norge. Figurane er over 3.000 år gamle. tillegg kan ein sjå fruktbarheits- og jordbruksmotiv, såkalla Veidemannskunst. Geometriske teikn, spiralar og labyrintar finn ein over heile feltet. Det er parkeringsplass og sanitærbygg på staden. Området er fint tillaga med gangbruer og ligg ein kort rusletur frå parkeringsplassen. Ausevika ligg ca. 30 minutt frå Florø med bil.

Besøk kyrkja og få med deg spelet

Foto: Gry Seim

Kinnakyrkja er bygd i stein, truleg ein gong på 1100-talet. Det er den eldste og einaste i sitt slag i Sunnfjord, og eit av dei flottaste mellomaldermonument på Vestlandet. Ho var hovudkyrkje i Kinn prestegjeld fram til 1882, då det vart bygd kyrkje i den nye byen Florø. Forskarar er samde i at både kyrkja på Kinn og klosteret på Selja har ein felles, historisk bakgrunn. På Kinn kan ein også få med seg Kinnaspelet «Songen ved det store djup». Dette er eit av dei eldste historiske spela i Norge, tufta på same historie og same manus, men med fornying frå år til år. I år finn spelet stad 18. og 19. juni. Frå kyrkja på Kinn har ein også fantastisk utsikt til Kinnaklova.

Vil du lære meir om kysthistoria?

I sjøkanten litt utanfor Florø sentrum finn ein Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Her er det mellom anna faste utstillingar om båtar og sjøhistorie frå området, det tradisjonsrike sildefisket og om Florø si 162 år lange byhistorie. I tilknyting til museet ligg også Snorre-ankeret, som har ei utstilling om den norske oljeverksemda. Museet vart oppretta i 1980, og bygga og holmane er bunde saman med eit nett av stiar og gangbruer. Kystmuseet eig også fleire historiske anlegg langs kysten, som Vamråk Sildesalteri i Kalvåg og Vågsberget utanfor Måløy.

Besøk det gamle kystfortet

For å beskytte kystleia frå Måløy og rundt Stad til Haugsholmen sette den tyske marinen opp til saman 28 luftvernkanonar ved skipsleia frå Måløy til Åram, og utanfor Stad vart det lagt ut 782 sjøminer i fleire store sjøminefelt. På Storeneset ved vegen ut til Eltvik på nordsida av Stadhalvøya bygde tyskarane i 1942 eit kystfort med seks franske feltkanonar og fleire mindre kanoner for nærforsvar og luftvern. Kystfortet vart rydda og lagt ned like etter krigen. Kanonane vart selde som skrapjern, men ein kan den dag i dag tydeleg sjå konturane av det store kystfortet. På Hovden, som ein ser på biletet, var der eit luftvernbatteri, og formålet var å verne eigne skip og konvoiar i skipsleia rundt Stad mot allierte flyangrep.

Lev deg inn i historia i St. Sunniva

Foto: Bjørn Erik Drabløs

På øya Selja kan du fordjupe deg i historia om Sankta Sunniva. Den irske kongsdottera var, ifølgje legenda, på flukt frå vikingar og kom til Selja. Ho gøymde seg i ei hole i fjellet som rasa saman, og ho vart gravlagt. Men kroppen vart seinare likevel funnen heilt intakt. Vernehelgenstatus for Vestlandet var eit faktum. Selja kloster- og helgenanlegg er eit av dei best bevarte anlegga i landet, og her kan ein vandre i ruinane som ligg i storslått natur med utsikt rett mot havet. Frå 18. juni har Klosterbåten i Selje to daglege avgangar til øya. Før den tid er det helgeturar. Ordninga med helgeturar har ein også i september.

Den gamle banken husar kultur

Kulturhuset Gamlebanken finn ein i Eidsgata på Nordfjordeid. Her blir det sommarutstilling med kunstnarparet frå Galleriet ved Storhavet i Selje, Grethe Berge og Kjell Stig Amdam. Det blir opning av utstillinga i det ærverdige bygget 18. juni. Utstillinga varer i to månadar. I lokala, som var bank på Nordfjordeid tidlegare, finn ein også turistinformasjonen for indre delar av Stad kommune i sommarhalvåret. Her er det turistvertar i to månader frå midt i juni til midt i august.

Ta turen i den koselege gata

Eidsgata på Nordfjordeid er for mange sjølve symbolet på koseleg handel, og gata er nærast å rekne for eit nasjonalt klenodium som både cruiseturistar og andre langvegsfarande svært gjerne oppsøker. Her finn du familiebedrifter, små nisjebutikkar med dei utrulegaste ting og nye, moderne butikkar. Her finn du også fleire sjarmerande kafear og parkar. Alt dette finn du omkransa av gamle, flotte trebygningar. Trehusmiljøet i Eidsgata og Tverrgata er frå vår nære fortid, medan klyngetunet på Myklebust og gravhaugane vitnar om busetting over mange tusen år og eit maktsenter i vikingtida. Sagaløypa er ein flott tur som tar deg med gjennom delar av denne historia. Ved enden av kulturløypa kjem du til Lunden, ei lita høgde med utsikt over landskapet rundt Nordfjordeid. Frå start til slutt er løypa om lag 1,5 kilometer i lett terreng.

Gå inn i den rike vikinghistoria

På Sagastad kan du sjå ein tru kopi av Myklebustskipet. Det original skipet er det største vikingskipet som ein har funne spor av i Norge. Skipet fann ein i ein gravhaug på Nordfjordeid i 1874, og båtbyggjarar frå Bjørkedalen arbeidde frå 2016 til 2019 med å rekonstruere skipet. Historia om skipet og den rike vikinghistoria frå Nordfjord kan ein lære meir om i vikingsenteret Sagastad. Senteret husar Myklebustskipet og ei rekke utstillingar. Du finn det i sjøkanten i Nordfjordeid sentrum, Sagastad har ope kvar dag, inkludert helg, frå 18. mai til 21. august. Frå 22. august til 10. september er dørene opne på alle kvardagar.

Sjå dei 8.000 år gamle bergbilda

Over 2.000 helleristingar, nokre så gamle som 8.000 år. Det finn du i Vingen helleristingsfelt ved Skatestraumen. Helleristingsfeltet er eit av dei største i Norden, og til no veit ein om cirka 2.200 figurar som er hogde inn på bergflater, jordfaste blokker og mindre steinar. Bergbilda er daterte til steinalderen, i tidsrommet 6000–2000 f. Kr. Helleristingsområde er freda. Det er ikkje lov å opphalde seg der utan løyve for å ta vare på det særmerkte området. Bremanger kommune arrangerer derfor organiserte turar gjennom heile sommaren, der ein guide er med og fortel om dette unike kulturminneområdet. Turane går fast kvar fredag frå 10. juni til 26. august.

Bli kjent med industrihistoria

Foto: Erling Wåge

Det finst tre gram spesialsilisium frå Elkem Bremanger i alle iPhonar verda over. Slik har hjørnesteinsverksemda i Svelgen utvikla seg i takt med den internasjonale marknaden, heilt frå starten i 1921. Legg du eit besøk innom Svelgen, eller «den globale bygda», som staden også blir omtala som, forstår du kvifor verksemda ligg akkurat her. Det er nemleg regn, snø i dei høge fjella som omkransar bygda og fossande vatn som har lagt grunnlaget for Elkem Bremanger. Og turbinen, som gjorde vatn til straum blir heidra i bygda. Det gamle raude skovlhjulet står på sokkel i Svelgen sentrum saman med eit skilt som forklarar historia. Skovlhjulet har arbeidd jamt og trutt i 45 år, frå 1922 til 1967. Til saman 350.000 timar med straumproduksjon for å halde industrien i gang.

Frå krigshandlingar til idyll

Tongane Fort vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta under 2. verdskrig, men er i dag ei fredeleg og idyllisk perle med ei svært interessant historie. Festningsverka var bakgrunn for strid under Måløyraidet i romjula i 1941, og mykje av anlegget er intakt og tilgjengeleg. Det er sett opp fleire tavler med kart, bilde og informasjon. Heile festningsområdet er urørt, utan hytter og hus.

Besøk den gamle steinkyrkja

Foto: Janne Weltzien Listhaug

St. Jetmundkyrkja på Åheim i er ei rekonstruert steinkyrkje. Opphavleg stod det på same stad ei steinkyrkje som truleg var bygd midt på 1100-talet. Denne kan vere blant dei eldste kyrkjene i landet. Namnet kjem frå den engelske kong Edmund (Jetmund) som etter legenda kom reisande over Maurstadeidet og meinte at Åheim ville vere ein god stad å byggje kyrkje. Kong Edmund vart drepen av vikingar og seinare kanonisert til helgen i den anglosaksiske kyrkja. Kyrkja på Åheim er i romansk stil, med runde bogar i vindauge og døropningar. Kyrkja vart seld på auksjon i 1724 og var i privat eige i 129 år. Kommunen løyste den ut i 1853.

Opplev krigshistoria på Åram

På Åram kan du sjå restane av fangeleiren som var der under andre verdskrig. Arbeidskrafta skaffa dei seg delvis ved å bruke polske og russiske krigsfangar til tvangsarbeid. I leiren budde også dei tyske soldatane og offiserane. Murane frå dei mange bygningane og installasjonane står framleis på Åram. Det var også ein leir nokre kilometer lengre sør, i Kobbervika på Hakallestranda. Også fangar herifrå vart nytta i anlegga på Åram. I den gamle skulen som var rekvirert av okkupasjonsmakta, har Åram sogelag teke vare på nokre gjenstandar frå leirane. To fangar som døydde under opphaldet, er gravlagde ved Åram kyrkje.

Brente hekser på Rovdeskjæret

Foto: Tore Voksø

I området Vanylven og Syvde vart det mellom 1679 og 1683 reist fleire trolldomssaker. Minst åtte personar kom for retten skulda for skadeleg magisk verksemd. Tre av desse hamna på bålet, og Anne Løset var den første. Saka mot henne vart behandla på ting for Rovde skipreide på Leikanger 16. juli 1679, på haustsamling same stad og deretter på tinget for Vanylven skipreide på Ytre Tunem 29. oktober 1679. Dommen kom på eit ting i Borgund skipreide 3. til 4. desember 1679. Av saka mot nabokvinna Marit Johansdatter frå april 1680 går det fram at Anne vart avretta med eld og bål i slutten av desember 1679. I løpet av 1600-talet er det registrert 19 trolldomssaker frå Sunnmøre. Dei aller fleste er frå området Anne Mogensdatter Løset kom frå. Ifølge tradisjonen stod bålet over henne på Rovdeskjæret.