– Det har vore forferdeleg, seier Helge Hjelle og Geir Tharaldsen i Elvisfestivalen om 2020 og 2021 der koronapandemien sette ein stoppar for festivalen.

Men ventetida har også gitt tid og rom for å kome opp med nye idear som festivalpublikummet skal få nytte godt av. Men publikum får også servert dei tradisjonelle festivalingrediensane.

– Vi byggjer festivalen med den same suksessoppskrifta som vi har brukt i seks sesongar, seier Tharaldsen.

– Det blir aktivitet i gata, paradar, gospelmusikk i kyrkja og eit festivaltelt fullspekka med show og dyktige artistar, legg Hjelle til.

Geir Tharaldsen (t.v.) og Helge Hjelle gler seg til å arrangere Elvisfestival i Måløy i august. Foto: Seline Larsen

Nye programpostar

Tidlegare år har festivalen starta med den tradisjonelle kyrkjekonserten, men i år startar ein festivalen tidlegare, og det blir også nye programpostar allereie på festivalen sin første dag.

– Vi startar med aktivitet i gata allereie torsdag ved lunsjtider. Då riggar vi opp scena ved festivalteltet Graceland og køyrer i gang med underhaldning og show. I tillegg skal vi ha ei karaokescene i gata, der alle som har ein liten Elvis i magen kan få prøve seg, fortel Hjelle.

Torsdag kveld, parallelt med den første kyrkjekonserten, er det duka for eit heilt nytt arrangement; ungdomskonsert i teltet. Dette er ifølge Hjelle eit alkoholfritt arrangement for barn og ungdom.

– Vi har to grupper som skal stå på scena og spele musikk som passar for denne aldersgruppa. Målet er å gje eit festivaltilbod også til den yngste gruppa.

– Ungdommen blir også invitert til The young ones, som er ein konsert av, med og for ungdom, legg Hjelle til.

– Er det slik at de håpar å rekruttere nye Elvis-fans med slike arrangement?

– Festivalen handlar om å ta vare på Elvis og formidle han og hans musikk. Opp i dette er det jo fare for at det kan dukke opp nye fans, og det hadde jo vore veldig kjekt, seier Tharaldsen.

Hentar dei beste

Sjølv om ein har funne rom for nye arrangement under festivalen, skal ingen vere redde for at komiteen ikkje skal inkludere dei tradisjonelle festivalopplevingane.

Det blir kyrkjekonsert torsdag og to innhaldsrike kveldar i festivalteltet fredag og laurdag med tributeartistar som gir alt.

– Vi har henta dei beste frå USA, Bill Cherry og Jimmy Holmes. Bill Cherry er tilsett i Elvis Presley Enterprises, som er eit kvalitetsstempel. Eddy Popescu frå Canada kjem tilbake for fjerde gong, og vi har fått med oss Mark Summers frå England. Og så kjem sjølvsagt våre eigne, Isak Søraa og ETA europameister Morgan Vøien, fortel Hjelle.

– Vi skal lage ein tre dagers folkefest i gatene i Måløy. Det blir både parade og amcar-utstilling, og med show frå to utescener og ei karokescene blir det liv i gatene i Måløy, seier Geir Tharaldsen. Foto: Tovita Bråthen-Razzi

Hovudshowet i festivalteltet fredag har fått namnet Madison Square Garden 72 og hovudshowet laurdag har fått namnet Aloha from Hawaii.

I tillegg blir det i løpet av festivalhelga utstilling av nokre av Elvis sine originale sceneantrekk, fleire scener med musikk på dagtid, barbecue dinner, konsert for menneske med nedsett funksjonsevne, konsertar på Skaretun og Kulatoppen omsorgssenter og gatene skal sjølvsagt pyntast med norsk og amerikanske flagg, banner og flotte utstillingar i butikkvindauga.

Får besøk frå Tupelo

I år får ein igjen besøk frå Elvis sin fødeby Tupelo. Den tidlegare ordføraren Jason Shelton, som har delteke på festivalen tidlegare, kjem tilbake.

– Det er sjølvsagt ei fjør i hatten for Elvisfestivalen når representantar frå Tupelo vel å komme til Måløy. Og ikkje minst når dei vel å kome tilbake, seier arrangørane.

Tidlegare Tupelo-ordførar Jason Shelton (t.v.) på scena i festivalteltet Graceland under festivalen i 2019 saman med Stian Hjelle. Foto: Eirik Gard Endal

Og det er ikkje berre den tidlegare ordføraren som likar seg godt i Måløy. Alle artistane har fått tilbod om, og har takka ja til å kome til kysten tidlegare enn nødvendig.

– I år hentar vi artistane to dagar tidlegare. Desse dagane skal vi bruke til å vise dei rundt i området, og vi har lovd at dei skal få ei flott oppleving, fortel Hjelle.