Etter 30 år på Austlandet synest Bjørn Magne Myskja det var på tide med ei forandring. Då tok han med seg familien til barndomsparadiset i Vanylvsgapet.

– Ein må gjere det ein har lyst til medan ein framleis er i live, seier Bjørn Magne. Han ser nøgd utover den vesle øya Haugsholmen, som ligg rett overfor Stadhalvøya.

I nesten tre år har familien budd her i havgapet. Sjølv har Bjørn Magne pendla fram og tilbake frå Oslo i to og eit halvt av dei. Men no har han endeleg slutta i jobben austpå, og slått seg til ro på staden han omtalar som paradis.

– Det er heilt fantastisk, etter at eg flytta hit føler eg det er ferie heile tida, smiler han.

Kjenner seg ikkje utanfor

Det er berre Bjørn Magne, kona Liv, to av sønene deira, Geir Inge og Mathias, og mor til Bjørn Magne, som er fastbuande på Haugsholmen, og det vert ofte påpeika kor uvanleg deira val av bustad er.

Men sjølv om det kan verke som at familien bur ugunstig til, spesielt med tanke på jobb og skule, forsikrar dei om at transport og tilgjengelegheit ikkje er eit stort problem.

– Før kunne eg stå timevis i bilkø kvar dag. No brukar eg fem minutt over til Hakallestranda med båt.

– Båtar har vi nok av, og heile familien fører båt utan problem. Det er nesten som at det er enklare å kome seg dit ein skal herifrå, seier Bjørn Magne.

I tillegg til flittig bruk av eigne båtar, fungerer båten AMBU som skuleskyss for Mathias og skyss til jobb for Liv.

– Vi har heldigvis eit godt system rundt oss som gjer det mogleg å leve her, seier dei.

– Det var no eller aldri

Ekteparet Myskja seier dei er takksame for moglegheita dei fekk på Haugsholmen.

– Det er mange som bur i byane som ønsker å flytte til rolegare omgivnadar, men det kan vere vanskeleg å finne ein passande stad og å bryte opp frå alt ein kjenner, seier dei.

– Vi var heldige, og hadde tilknyting her. Det var no eller aldri, og vi bestemte oss for å la det bere eller breste.

Dei fortel at huset dei no bur i eigentleg er ei hytte som dei hadde planar om å setje opp ein anna plass. No er dei glade for at det valde å få den sett opp på ein grunnmur på øya i staden.

Har enno hus i backup

Livet på Haugsholmen vert skildra som fredeleg og stille, med eit hint av idyll. Likevel må Liv innrømme at ho nokre gongar saknar fastlandet.

– Når det er kaldt og mørkt og skikkeleg dårleg vêr er det lett å kjenne seg litt einsam her på øya. Og nokre gongar hadde det vore fint å berre kunne ta bilen på butikken, for det er ikkje alltid like kjekt å køyre båt når sjøen er livleg, ler ho.

Ekteparet innrømmer at dei enno ikkje har selt huset dei budde i på Austlandet, og at dei har andre løysingar klare dersom dei ser at det ikkje lengre fungerer å bu på øya.

– Det er eit prøveprosjekt som så langt har gått veldig greitt. Vi følgjer skuleåret, og tek eit år om gangen, seier Liv.

– Vi har sjølvsagt snakka om det, og vurdert å flytte tilbake til fastlandet, men sånn det ser ut i dag vert vi verande her.Og dei tre sønene til ekteparet Myskja trivast også godt på øya i havgapet.

– Dei to yngste har budd fast på øya. Eldstesonen vår, Martin, er blitt vaksen og kjem på besøk i feriane, fortel Liv.