- Det er mange hundre som er med og delar denne prisen, seier nestleiar i MIL-styret, Odd Arne Mulelid.
Han tok imot prisen på vegne av alle dei som har lagt ned ein innsats i MIL gjennom 100 år, og seier at jubilanten er glad og audmjuk over å få Ildsjelprisen.
I grunngjevinga frå juryen heiter det: «Måløy idrettslag har gjennom 100 år vært en av de viktigste kulturbærerne i kommunen. Gjennom mangfoldig idrettslig aktivitet innen flere idretter har laget fostret mange dyktige idrettsutøvere og administratorer som har hatt svært mye å si både for det idrettslige og sosiale livet i Måløy.»
- For å vere heilt ærleg, synest eg det var ein veldig fortent pris. Det har vore lagt ned ein kjempejobb i alle desse åra, så dette er gledeleg, seier Mulelid.
Les heile saka i papiravisa onsdag 30. juni.