Seljumannamessa på søndag blir flytta frå klosteret på Selja og inn til Selje kyrkje på fastlandet på grunn av vêret.

– Det er veldig kjedeleg. Og det sit langt inne å måtte flytte arrangementet frå klosteret og inn i kyrkja. Det er så dårlege vêrmeldingar, med vind og mykje regn, at det dessverre er ingen veg utanom, seier fungerande prost, Tore Myklebust, til Fjordenes Tidende.

Programmet og tidspunkt blir det same som det var planlagt på Selja, men blir altså innandørs i Selje kyrkje.

– Dei oppsette båtrutene vil gå slik at det er mogleg å besøke klosteret etter messa for dei som ynskjer det, opplyser Tore Myklebust.