Oversikta over attraksjonar og aktivitetar er henta frå Fjordenes Tidende sitt sommarmagasin. Heile magasinet kan du lese her. Du kan også besøke fjt.no sine sommarsider.

For landkrabbar og badenymfer

Ved sidan av kjøpesenteret Måløy stormarked i Deknepollen ligg eit nydeleg friområde. I Skavøypoll Fritidspark, ved Deknepollvatnet, finn ein mellom anna den fantastiske badestranda Polljasanden og eit kanohus.

På vatnet ligg det ei flytebrygge med stupetårn som innbyr til leik og moro for store og små. Rundt vatnet går det ei grusa turløype, og på Dalsneset, som ein passerer på turen, er det lagt til rette for friluftsaktivitetar. Området er mykje brukt av barnehagar og skuleelevar.

Sjå sola gå ned i havet

Majestetiske solnedgangar og ekstreme naturkrefter er ytterpunkta du kan oppleve på Vågsøy sine fire fyr. Alle fire fyr byr på flott utsikt i både storm og stille. Men Kråkenes fyr ligg på det som er kjend som ein av dei mest vêrharde stadane langs kysten. Her kan du oppleve både orkan i kasta og vindstille dagar med havblikk og solnedgang i havet. Fyret vart oppretta i 1906, og Meteorologisk institutt tek imot data frå vêrstasjonen ved fyret der ein har registrert over 150 orkanar. I 2020 kom Kråkenes fyr inn under Den norske turistforeining.

Byr på aktivitet og historie

Under Måløybrua, skjult bak industribygg, ligg ei lita perle med ei spennande historie. På Moldøen ligg det framleis restar etter kanonstillingar og forsvarsverk etter andre verdskrig. Her finn du også minnesmerke etter dei falne under krigen. Turstien på Moldøen er oppgradert og området er tilgjengeleg for alle. Her finn du også benkar og bord, slik at du kan ta deg ein pust i bakken eller nyte utsikta medan du et matpakken din eller ein is.

Moldøen. Foto: Svanhild Breidalen

I tillegg til historie og kultur finn ein også ei fantastisk discgolfbane i området. Den består av 24 hol som ligg plassert ut over heile øya og dannar ei spennande bane med mange artige utfordringar for store og små. Frisbeegolf fungerer som vanleg golf, der dei som brukar færrast kast på å runde bana vinn. Dette er ein spennande og rimeleg hobby som alle kan prøve, ingen er for unge og ingen er for gamle. Området er ope for alle.

Her blomstrar kreativiteten

I Gate 1 finn du eit spennande studio med kunst og handverk i fokus. I den sørlege delen av lokala til SAM Studio/IHOP arrangerer innehavar Tone Andal, som også står bak gatekunstprosjektet i området, har ulike kunst-workshops, i tillegg til inviterer ho inn folk som har ei kunstnarspire i seg til å prøve mange ulike kunstformer. I den andre enden av lokalet har Andal sett opp ein konseptbutikk, der ho sel eigen og andre sin kunst. Her er det snakk om både kunsthandverk og brukskunst.

I tillegg til produkt skal SAM studio tilby printing av kunstplakatar og foto på ein avansert skrivar i lokala, og dessutan trykk på klede. I lokala til Andal finn ein også turistinformasjonen i Måløy i sommar. Det er destinasjonsselskapet Visit Fjordkysten og Sunnfjord som driftar turistinformasjonen.

Er med på å fargelegge bybildet

Ein grå betongby omkransa av fantastisk vestlandsnatur og ei spennande kystkulturhistorie, var utgangspunktet til Tone Andal då ho bestemte seg for å satse på eit gatekunstprosjekt på Vågsøy. Det første veggmåleriet vart oppført i 2017, og fleire har dukka opp etter kvart. Bak dei om lag 20 veggmåleria står både nasjonale og internasjonale kunstnarar. I Måløy sentrum finn du mellom anna Størja, Gullfiskaren og det 275 kvadratmeter store veggmåleriet MS Moldøen som du ser på bildet.

Legg turen til den vesle øyperla

Silda er ei sommarperle av ei øy som er ein populær utfartsstad for både lokale innbyggjarar og turistar. For å komme til den bilfrie øya kan ein ta i bruk eigen båt eller rutebåten Øyglimt. Øya har ei godt utbygd hamn og er eit populært reisemål for båtfolket. Silda har fine turmoglegheiter, til dømes kan ein gå øya rundt – ein tur på cirka 1,5 kilometer. Det er få fastbuande på øya, men i sommarhalvåret aukar folketalet betydeleg grunna dei mange fritidsbustadane. På Silda finn ein også den koselege restauranten Skjærbuda.

Nyt sola på ei av Norges beste

Refviksanden har fleire gongar har blitt kåra til ei av Norges finaste strender. Den 1,5 kilometer lange kritkvite sanden ligg på Nord-Vågsøy med utsikt rett mot storhavet. Her kan ein nyte sommarvêret, ta seg ein dukkert eller prøve seg med surfebrettet.

Refviksanden Foto: Seline Larsen/Fjordenes Tidende

I tillegg til aktivitetar i krystallklart vatn, er det rikeleg rom for både leik, grilling og sosiale aktivitetar på den breie sanden. Refvik bygdeutvikling sørgjer for campingfasilitetar til tilreisande telt- og bubilturistar på marka rett ovanfor sanden, og dessutan parkering, sanitæranlegg og kiosk.

Fyret ligg spektakulært til

Hendanes fyr ligg spektakulært til på sørspissen av Vågsøy, ved bygda Færestrand. Vil du besøke fyret, køyrer du gjennom bygda til bilvegen stoppar. Her kan du parkere og gå vidare ut til fyret på ein fin sti. Frå alle punkt på stien er det flott utsikt mot hav og bygder. På slutten av stien er det ei steintrapp som tar deg opp dei siste meterane til husa som står i tilknyting til fyret. Frå sjølve fyret er det flott utsikt til bygdene Kvalheim og Oppedal. Fyret blei bygd i 1914 og automatisert allereie i 1963. Fyret er eit av fire fyr på Vågsøy, og det siste som blei bygd på øya.

Grotta var ammunisjonslager

Området ved Gottebergshammeren i Måløy har fått ei stor oppgradering. No er området lettare tilgjengeleg for alle, inkludert sjølve grotta. Arbeidet som har blitt gjort omfatta nemleg å lage ein sti opp til toppen og ned til grotta, som var ammunisjonslager til skytestillinga på Gotteberg under krigen.

Historia seier at: «Skytestillinga på Gotteberg skulle overvinne allierte flyangrep. Fem tyske soldatar hadde vakt ved skytestillinga. Befolkninga måte stadig søke tilflukt når flyalarmen gjekk og det blei opna eld frå alle batteria.». I terrenget kan ein framleis sjå festepunkt for kanonar og ein liten ammunisjonsbunker.

Har du besøkt Trollehola?

Den 20 meter høge og 30 meter lange Trollehola er ein spennande stad å utforske. Denne turen går frå vegen like ved den gamle skulen i den idylliske kystbygda Husevåg på Husevågøy og vidare over til den andre sida av øya. Først kjem ein til Færeldemyra der det ligg eit felt med helleristingar i serpentinfjell frå bronsealderen. Her er det tydelege teikningar etter båtar og solfigurar. Turen fortset vestover før ein kjem fram til Trollehola. Turen tar om lag to timar turretur. Det anbefalast å utforske Husevåg-bygda når ein kjem tilbake frå turen til Trollehola. For å kome deg til Husevågøy må du ta ferja frå Måløy eller Oldeide.