Nordfjord Talent 2010 baud på unge deltakarar med eit høgt nivå.

- Oj, oj, oj. Dette hadde eg aldri forventa, sa ein overraska og glad vinnar etter å ha bevist at hastverk ikkje alltid er lastverk.

Vinnarlåta "Second chances" hadde Vidar nemleg komponert to dagar før han framførte den på scena fredag, og den vann både dommarane og publikum sin gunst.

Dommarpanelet med Laila Beate Førde, Kyrre Stegane og Christine Gaustad fekk servert svært gode prestasjonar på rekkje og rad, der songinnslag utgjorde majoriteten.