Solistane til årets oppsetting frå Opera Nordfjord er klare. Saman skal dei skildre sildefisket i Måløy på 1950-talet.
Operasjef Kari Standal Pavelich og liberettist Jostein Avdem Fretland har nøsta opp i historia om sildefisket i Måløy på 1950-talet, og no blir kvardagen til sildefiskarane på kysten til ein opera. Operasjefen fortel at ein snart er i mål med å fylle dei store rollene. Operaen «Sildagapet» har premiere i Operahuset Nordfjord 4. oktober. Foto: Marianne S. Rotihaug