Rømmegraut er tradisjonsrik norsk kost, og oppskriftene varierer frå stad til stad. Og rømmegraut passar like godt om sommaren som andre tider på året.

12 porsjonar:

2 l. sæterrømme

8 dl. kveitemjøl

2 l. H-mjølk

Ca. 2 ts. salt

Framgangsmåte:

La rømmen koke i ca. 5 minutt.

Sikt i halvparten av mjølet og rør kraftig.

La det stå og koke på svak varme til smøret (feittet) pip-lar fram.

Ta av smøret med ei skje før du rører inn resten av mjølet og sper på med mjølka.

Spe med litt mjølk av gongen og rør godt mellom kvar gong.

La grauten småkoke i cirka 5 minutt før du smakar til med salt.

For ein lettare variant spe ut med semulegrynsgraut kokt på 1 liter mjølk.

Server med sukker, kanel, rosiner, hardkokt egg, smøret frå rømmen og spekemat.

Tips: Ein kan også sette fram forskjellig tilbehøyr og dryss til grauten slik at kvar og ein kan ta det som fell i smak. Tørka aprikosar, nøtter, riven brunost, likørmarinerte bær og friske bær kan vere spennande her.