Dette treng du:

100 g smør75 g kveitemjøl4,5 dl heilmjølk1 ts salt500 g vellagra Jarlsberg eller anna type smelteost7 eggekviter7 eggeplommer0,5 ts kajennepepar

Slik gjer du:

Smelt smøret i ein mellomstor kjele, ta kjelen av plata og tilsett kveitemjøl, rør blandingen saman til ein jevning.

Spe med mjølk, set kjelen på plata og varm opp under omrøring til du får ein tjukk kvit saus. Tilset salt og kajennepepar.

Riv ost og bland i den kvite sausen, rør godt.

Du vil sjå at osten begynner å smelte, rør ofte for å unngå at det svir seg fast i botnen.

Pisk eggekviter til stivt skum.

Ha eggeplommane i kjelen, rør ostebladinga jamn og vend piska eggekviter forsiktig inn i osteblandinga. Rør nok til at blandinga blir jamn og klumpfri, men ikkje rør lenger enn nødvending slik at lufta i blandinga bevarast.

Smør ei eldfast form med høgkantar som rommar 2,5 liter.

Steik ostebladingen i omnen ved 170 grader i ca. 50 minutt.

Tips:

Ikkje opn omnsdøra før det er maks 5 minutt igjen, eller så risikerer du at sufflèen synk saman.

Du kan få ostesuffléen i 10 små créme brulée-former eller 2 store eldfaste former.

Smaker godt med havsalt på. Smaker best når den er nysteikt og rett frå omnen

Hugs at den synk saman etter kvart som den vert avkjølt.