Nyleg kunne bygdefolket i Berle invitere til opning av dei heilt nymerka turløypene rundt bygda.

– Vi har til saman merka 23 kilometer turløyper, seier Anne Kristoffersen, som fortel at dei nyleg var ferdige med del to av prosjektet.

Det blei markert med opning av informasjonstavla og tur opp til Varden. – Vi var vel ein 25 stykke som tok turen opp, seier Kristoffersen.

Gamle løyper som nye

Prosjektet har handla om å merke opp igjen dei gamle løypene som ligg rundt bygda.

– Vi vil gjerne ta vare på desse gamle stiane. Vi har for eksempel stien til Melkeplassen, der ein gjekk for å mjølke kyrne kvar dag på sommaren. Det er kjekt å halde i hevd desse gamle stiane som blei brukt i alle år, seier Kristoffersen som fortel om gode tilbakemeldingar på prosjektet.

– Mellom anna frå folk som ikkje er kjende og som no utan problem finn fram på eiga hand. Det opnar seg mulegheiter for mange folk.

Økonomiske midlar har dei fått frå Gjensidigestiftelsen og fylkeskommunen.

– Pengane var utruleg gode å ha. Vi hadde ikkje kome i mål utan, seier Kristoffersen, som også trekk fram velvillige grunneigarar som har gitt tilgjenge til områda.

Rosar dugnadsgjengen

Sjølv om ein fekk midlar til innkjøp av utstyr som informasjonstavler og skilt, er alt arbeidet gjort på dugnad. Klipping og rydding, plassering av merkepinnar og skilt i alle kryss der ein kan ta feil. I starten av kvar løype er det også sett opp ei informasjonstavle om turane og postkasser der det ligg kart over turane som folk kan ta med seg.

– Eg trur eg kan seie at vi er gode på dugnad i Berle, ja, smiler Kristoffersen, som fortel at folk ikkje er vanskelege å be.

– Dette har vore eit av dei kjekkaste prosjekta eg har jobba med. Så mange har stilt opp. Og mange av dei eldre synest det er så kjekt at ein tar vare på dette. Det har vore lett å få folk med ut i fjellet.

At områda rundt Berle er mykje brukt til turgåing viser også tal frå fjellbøkene.

– I Berle, som har nokon og 90 innbyggarar, hadde vi over 4.600 signaturar i bøkene i fjor. Det er utruleg mange, og tala er aukande.