Namn:Raymond Edvart Myren
Alder:35 år
Sivilstatus:gift, fire born
Bustad:Leikanger på Stadlandet
Yrke:tømrar/handverkar

- Kva er du mest oppteken av?

- Framdrift, utvikling og nytenkjing i familien, menigheta og lokalsamfunnet.

- Kva gjer du på fritida?

- Leikar bonde på småbruket vårt, spelar gitar på Filadelfia, og har moro med jentene mine.

- Kven beundrar du?

- Kona mi Hildegunn. Ho gjer draumar verkelege, har ein enorm arbeidskapasitet, er grunnleggjande glad og optimist samstundes som ho gjer alt ho kan for at familien skal ha det bra.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det varme lokalsamfunnet. Folket her ute på Stadlandet bryr seg om einannan. Også ei ukueleg optimisme på tross av alt som beklagelegvis vert teke frå oss av offentlege tilbod.

- Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

- Stadlandet får ny veg med gul midtstripe utbygd frå Kjøde til Sandvik. Det skjer grunna ein jamn og god vekst i folketal og Næringsliv.

- Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

- Den posisjonen overlet eg til andre. Eg beundrar dei som har mot og rygg til å bere vervet. Takk til Ottar Nygård som har vore gjennom ei tøff periode.

-  Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Det må vere då vi feira 1000 år sidan evangeliet om Jesus kom til Norge i 1997. Kongen var her på Dragseidet og folk møtt opp i tusental.

- Kva har du på nattbordet.

-  Eg har Ikkje nattbord, men ein stol. Her ligg ein haug med kle, med ei bok på toppen.

- Kva nettsider er du innom i løpet av ein dag?

- Må innrømme at yr.no har vore flittig besøkt I det siste. Er også innom dagen.no og vg.no

- Kva er meininga med livet?

- Meininga med livet er ganske enkel. Vi er skapt med ei eiga vilje, livet handlar om å velje kvar dag. Vi kan velje å stå opp om morgonen, vi kan velje å ta i mot Guds kjærleik til oss menneska, vi kan velje å dele den med andre. Egentlig kan ein Ikkje la vere å velje, for livet består av ei endelaus rekkje av val. Det livet vi lev blir liksom ei frukt av våre eigne valg. Dette er tankar inspirert av min svoger Daniel.