Knut Skram jobbar i Redningsselskapet som neste veke arrangerer sommarskule for barn, han svarte dette i vår Fort Sagt-spalte fredag:

Namn: Knut Skram

Alder: 56 år

Adresse: Måløy

Sivilstatus: gift og har tre barn

Yrke: tilsett i redningsselskapet fram til 1. september, så er det tilbake att til fiskeindustrien etter det

Hobby: Redningsselskapet

Aktuell med: Redningselskapet arrangerer Sommarskulen frå måndag til fredag

– Kva er Sommarskulen?

– Sommarskulen er ein måte å lære borna å trivast og vere sikker ved sidan av og i sjøen. Dei får lære teori, korleis ein oppfører seg på sjøen, førstehjelp om det skulle skje ei ulykke, og så får ein lære å få i gong ein motor, køyre med motor, ro, segle, fiske, sløye fisken og helst ete den etterpå. Dei skal i alle fall få prøve å smake litt fisk.

– Kven er det for?

– Sommarskulen er for ungar mellom 9 og 14 år. Og det er berre å hive seg på og bli med. Påmeldingsfristen er sett til søndag.

– Kva anna skjer desse dagane?

– Vi har ein kano dei kan få prøve. I tillegg skal ein sjå litt på sjøvettreglar, kart og navigasjon, kva sjømerkene betyr og lære å knute knutar så båtane ikkje stikk av. Vi brukar også å ha eit par timar ein dag i veka der redningsskøyta kjem på besøk. Her får dei også både frukost og lunsj.

– Dette har jo vore arrangert fleire somrar tidlegare. Korleis har tilbakemeldingane vore?

– Tilbakemeldingane har vore at dei ikkje trur det er fredag, for det var nettopp måndag. Tida går fort på slike veker. Og så slepp dei å vere inne på sommardagane.

– Følgjer de opplegget frå tidlegare år, eller er noko nytt i år?

– Det går stort sett i det same, men det kjem an på ungane som deltek. Nokon har aldri vore i ein båt før, andre har vore i båt eller har båtar sjølv.

– Kvifor ønskjer de å ha eit slikt tilbod for unge?

– Redningsselskapet har ein visjon om at ingen skal drukne. Då må ein byrje med ungane og lære dei opp.

– Og det heile blir avslutta på Måløy Havfiskefestial?

– Ja, det blir mellom anna dåp av den nye Eliasbåten, og det blir spennande å sjå kva namn båten får. Ungane får bli med på dåpen og får festmåltid etterpå.

– Korleis trur du veka blir?

– Eg trur det kjem til å bli veldig kjekt for ungane. Dei andre Sommarskulane har gått strålande bra og ungane har vore veldig nøgde så langt. Så håpar vi på fint vêr.