Denne saka er ein del av bilaget Hus & heim gitt ut av Nordfjordsamkøyringa fredag 6. mai.

Slik informerte Heidi Rønhovde om at ho og mannen hadde kjøpt det nedslitne nabohuset i Holvik i Kinn kommune. Ho bestemte seg for å gi huset ei stemme i sosiale medium og fortelle om den oppussingsreisa som no stod framfor «Strandbo»-huset frå 1956.

Heidi og mannen hennar bur i huset til venstre og eig no også nabohuset i Holvik. Foto: privat

Glad i gamle hus

Heidi har alltid vore fascinert av gamle hus.

– Då vi var små hugsar eg at søskenbarnet mitt og eg var rundt og sjekka ut gamle, fråflytta hus. Det var alltid spennande å tenke på kven som hadde budd der og kva som var historia deira.

Så då moglegheita til å kjøpe nabohuset dukka opp, bestemte dei seg for å slå til.

– Vi har budd ved sidan av «Strandbo»-huset i 20 år og sett på forfallet. Det hadde stått tomt i tre år då vi kjøpte det i fjor haust.

Oppussing av kjøkkenet oppe. Foto: privat

Dei begynte raskt å pusse opp på fritida. Først ut var leileigheita oppe og den er i dag leigd ut. Dei skal no jobbe med fasaden.

Eit bilde frå då kjøkkenet i leilegheita oppe var ferdig pussa opp. Foto: privat

– Eg er handlangar og gjer det eg får beskjed om. Eg har stort sett også hatt ansvaret for målinga, medan det byggmessige har mannen min tatt seg av. Så no er det isolasjon, pussing og skrifting av vindauge og dører som står for tur, seier ho.

Det er eit tidkrevjande prosjekt. Foto: privat

Lærer undervegs

Ho innrømmer at ho også har lært ein del ting sidan dei starta og ho prøver å vise fram kva som blir gjort på instaen «Nabohuset i Holvik». Dei har fått fleire tilbakemeldingar på at det er kjekt at gamle hus blir tatt vare på.

– I tillegg truar sonen vår med å flytte heim igjen til hausten og då må vi berre skynde oss å lage til leilegheita nede. Men der må vi ta alt frå botnen av, smiler ho.

Heidi og mannen var overraska over korleis huset var på innsida.

– Med tanke på korleis huset ser ut på utsida, spesielt på nedsida der vêret har stått på i alle år, blei vi litt overraska over det ikkje var dårlegare enn det var inne.

Arbeidet med fasaden er i gong. Foto: privat

Då dei kjøpte huset, var det framleis ein del ting igjen inne i huset og dei måtte rydde ein del.

– Så vi har funne nokre skattar i den prosessen. Blant anna nokre gamle fløyelsstolar som eg synest er veldig sjarmerande og tok med heim. Men det kan hende dei kjem tilbake til leilegheita nede der dei høyrer heime, smiler ho.

Dottera fant også mange skattar på loftet, som klipsøyredobbar og smykke som låg igjen etter den eldre dama som budde der eingong.

– Det dukkar opp litt forskjellig, smiler Heidi.

Stolane dukka opp i det gamle huset. Foto: privat

Tidkrevjande forandring

Heidi meiner det både er spennande og tidkrevjande med eit slikt prosjekt.

– Men det er greit å vise at sjølv om ting ser håplause ut i starten så kan det bli bra.

Og ting tyder på at huset i alle fall har det mykje betre.

– I det siste har naboane rydda og styrt rundt meg og lagt planar for våren. Dei nye folka innomhus er glad i musikk, og dei har verkeleg snudd opp ned på kor einsamt og stille eg hadde det, seier «Strandbo» sjølv.

Heidi er huset sine auge og øyre, og huset gler seg over arbeidet som er gjort og folka som er flytta inn allereie. Foto: Kjellrun Åsebø