– Anne-Petrin har eit hjarte av gull, seier Inger O. Furnes som kjenner Anne-Petrin gjennom jobben ved Frelsesarmeen i Måløy.

Ho meiner det er heilt på sin plass at Anne-Petrin er ein av dei som får ei merksemd denne jula.

– Ho er rett og slett utruleg. Det er alltid slik ein goodwill. Det er berre mange, mange plussar med henne, smiler Furnes.

Anne-Petrin er dagleg leiar for Kiwi i Deknepollen.

– Kiwi sponsar for eksempel alt av grønsaker og poteter til julemiddagen til Frelsesarmeen og Anne-Petrin gjer så mykje anna også, seier Furnes og ramsar opp alt Anne-Petrin seier ja til.

– Ho er så inkluderande

Men Inger Furnes er ikkje den einaste som har nominert Anne-Petrin. Det er fleire av lesarane som peikar på at ho strekker seg langt i jobben.

Men også som venninne er Anne-Petrin varmt til stades.

– Skal eg bruke eitt ord som skildrar Anne-Petrin er det «fantastisk». Ho er så inkluderande, stiller alltid opp for andre og seier aldri nei. Ho hugsar også alltid på vennar med for eksempel merksemd på bursdagar, seier venninna Helen Nore.

Venninna legg ikkje skjul på at Anne-Petrin betyr ekstra mykje for henne.

– Vi mista ein gut for 16 år sidan, og Anne-Petrin legg framleis blomster på grava hans på bursdagen hans og i jula, seier Nore.

Begynte nesten å grine

Anne-Petrin sjølv syntest det var både hyggeleg og rørande å høyre at det er mange som set pris på henne.

– Eg blir jo alltid så rørt når eg les om andre som får julestjerner eller prisar, og tenker at dei fortener det sånn. Så då det var eg som no fekk telefon om at eg skulle få ei julestjerne, begynte eg nesten å grine, smiler Anne-Petrin.

Ho innrømmer at ho prøver å vere bevisst på å sjå dei ho har rundt seg både i kvardagen og på jobb. Og ho er glad i at folk heiar på og støttar kvarandre i eit lokalsamfunn.

– Eg er veldig glad i folk og eg er veldig glad i jobben eg har, for eg får møte svært mange folk. Eg liker også å bidra i eit lokalsamfunn og seier ja til å stille opp på ting eller støtte det eg klarer, seier Fjordenes Tidende sin første julestjernemottakar i 2022.