17. mai nærmar seg med stormskritt og nasjonaldagen blir sjølvsagt feira både i byer, bygder og grender.

I Svelgen startar nasjonaldagen med flaggheising ved Samfunnshuset, der skulemusikken spelar. Barnetog, folketog, barne- og ungdomsleikar og 17. mai-tale av Thomas Øvstedal står også på programmet for 17. mai i Svelgen. Det blir gudsteneste i Svelgen kapell og open kafé både hos Samfunnshuset og på Keipenstova.

17. mai, Norges nasjonaldag, skal feirast både i bygder og grender. På denne dagen i 1814 fekk Norge si eiga grunnlov under Riksforsamlinga på Eidsvoll.

Har du bilete frå di feiring eller kanskje frå førebuingane? Da vil Fjordenes Tidende gjerne dele dei med resten av lesarane våre! Bilete kan sendast til fjt@fjt.no eller ved å bruke #fjtvår på Instagram.