Bremanger-bandet Silo skal spele på Havly laurdag 30. juli. Kort tid etter reiser dei vidare til bluesfestivalen på Notodden.

– Konserten på Havly blir ein slags testkonsert før Notodden. Vi held på med å lage eigne låtar, og så skal vi teste dei ut framfor publikum heime før vi drar vidare, seier vokalist i Silo, Halvor Nesbakk.

18-åringen fortel at bandet øver fleire timar kvar einaste dag i sommar, som ei førebuing til den store bluesfestivalen. På festivalen skal Bremanger-bandet konkurrere mot andre bluesband i ein semifinale. Dei har tidlegare konkurrert i Trondheim, og med gode prestasjonar gjekk dei vidare til semifinalen på Notodden.

– Vi er veldig spente. Det blir kjekt på Notodden, fortel han.

Men først skal Nesbakk og dei andre i bluesbandet frå Bremanger spele for sambygdingane på Havly pensjonat laurdag 30. juli. Nesbakk fortel at han og dei andre gutane i bandet gler seg til konserten.

Silo spelte og på Havly under Rockweekend tidlegare denne månaden. Da vart det god stemning, fortel Nesbakk. Han fortel og at bandet likar godt å spele på Havly, men at dei gler seg stort til å kunne spele for publikummet på den kjente bluesfestivalen på Notodden.