Dette minneordet er skrive av Erling Wåge for familien til Thorolf Steenslid:

Ein kjent person i Måløy, Thorolf Steenslid, er død. Han sovna stille inn nesten 97 år gammal fredag 29. juli.

Thorolf dreiv forretning og næring og hadde eit brennande engasjement for alt han styrte med. Han var levande oppteken av at det skulle skje vekst og utvikling rundt seg, spesielt i Måløy og i ytre Nordfjord.

Han hadde alltid store tankar. Han bobla over av idéar. Og dei fleste idéane hans fekk han sett ut i livet. Det har mange hatt glede av. Han hadde ein ståpåvilje og ein energi som mange misunnte han. Han var måløypatriot på sin hals. Lenge etter at han kunne pensjonert seg var han aktiv og jobba dag og natt til han var nesten 90 år.

Tidleg på 1950-talet starta han i butikken til sin far, Johan Steenslid. Den blei starta i 1904. Då faren døydde i 1955 tok Thorolf over drifta av butikken som då hadde fem tilsette. Thorolf dreiv den saman med bror sin Per til han døydde i 1972. I starten var det kolonial, fiskereiskap, trelast og byggevarer. Så kjøpte Thorolf nabobygget, Måløy Meieri, og bygde ein ny moderne lagerhall. På 80-talet hadde firmaet som då dreiv med trelast- og byggevarer 18 tilsette og butikken var ein av dei største i Nordjord. Etter krigen var det stort behov for trelast og J. Steenslid leverte hus og byggevarer frå Bergen i sør til Ålesund i nord.

Thorolf var engasjert og hadde mange verv. Han var styremedlem i Trelasthandlernes Landsforbund i Norge og i Hordaland og Sogn og Fjordane Trelasthandarlag. Han var styremedlem i blant anna Fjordenes Tidende, i Bergen Bank og i Sætren-gården. Han var også med å få reist Fiskernes Hus under føresetnad av at det som då var Fiskernes bank, og no Nordea, skulle etablere seg i Måløy. Det skjedde.

Thorolf var med å kjøpe to eigedommar ved ferjekaia i Måløy som blei slått saman og som blei Vengen-gården. Der er det leilegheiter, næringskontor og der var det treningssenter. Han kjøpte også saman med Eeg- Henriksen eit område på Kulen som seinare Måløy Havneservice etablerte seg på.

Han kjøpte også eit område ved Ivahavet som seinare SFE Kraft og fleire andre bedrifter etablerte seg på. Bergen Bank-bygget blei også bygd då han sat i styret der. Det største byggefeltet i Vågsøy, Furutoppen i Holvik, var det Thorolf og J. Steenslid som fekk bygd.

Thorolf kjøpte også Kvalos-buda og fekk med seg Reitan-gruppa til å bygge Måløy Brygge der det gamle trelastlageret til J. Steenslid stod. Det blei eit av dei første kjøpesentera i Nordfjord. Måløy Brygge opna i 1997 og hadde fullt opp med butikkar. Dette gav Måløy ein kraftig boost.

I 1976 starta han AS Vågsøy ferdigbetong. Han bygde ein ny betongfabrikk i Vågsvåg saman med Norwegian Holding. Anlegget har seinare blitt modernisert til ein topp moderne betongfabrikk og ein viktig arbeidsplass i regionen. Thorolf var dagleg leiar her til han var 89 år.

Dei siste 25 åra av karrieren produserte og selde han pallar frå anlegget i Vågsvåg til blant anna fiskeindustrien.

Han var også aktiv i Lions Club, Måløy Handelsforeining og Måløy Vekst. Han var støttemedlem i Måløy Musikklag. Han var også ein ivrig turnar og mangeårig medlem i Måløy Idrettslag. Han var også formann i MIL i fleire år. Thorolf blei også utnemnd til æresborgar i Måløy by. Han var i mange år aktiv i Måløydagane og det blei eit godt vennskap med mellom andre artistane Tore Skogmann, Erik Bye og mange fleire.

Thorolf var glad i å stå på ski, spesielt slalåm. Var det eit lite pusterom i jobb så stakk han til familiehytta i Innvik og derifrå til eit skianlegg i fjorden. Der spente han på seg alpinskia og svinga seg ned alpinbakkane med stil. Dette dreiv han med til han var langt opp i 80-åra.

I 1983 fekk han hjernedrypp og måtte gjennom ein større operasjon. Då måtte han som han sa: slakke litt ned. Men han fortsette likevel å gje gass med sitt stå-på-humør i mange år etter dette.

Dei siste åra var heimen hans på Kulatoppen omsorgssenter.

Thorolf fekk eit langt og aktivt liv. Det skuldast nok energien og stå-på-viljen. Den gode latteren og dei slåande kommentarane har no har stilna.

Takk for alt du har vore og alt du har gjort for så mange. Du var ein bauta. Du var heil ved og kraftfull betong. Du var også mjuk og hadde omsorg for dei du hadde rundt deg.

Du var eit førebilete for mange.

Fred over ditt minne, Thorolf.