– Publikum skal få høyre musikk og song frå 60-talet og fram til i dag, fortel kormedlem Randi Oldeide.

Ho har tru på stor underhaldningsverdi når koret entrar Parken Kulturhus.

– Vi har blant anna eit Melodi Grand Prix-potpurri frå 1960-talet fram til Alexander Rybak sin siger i 2009. Det blir både song, dans, utkledning og skodespel under konserten, lovar Oldeide.

Stormklang er eit kor som består av om lag 30 kvinner og menn frå heile Vågsøy. Haustkonserten har, saman med julekonsert i Nord-Vågsøy kyrkje og ein vårkonsert eller basar, blitt ein fast tradisjon for kormedlemmane.

– Dei tre siste åra har vi hatt konsert med Hanne Krogh før jul. Vi har som regel ein basar eller konsert på våren i tillegg, forklarar Oldeide.