Dei 33 elevane som totalt går på fem ulike grupper innan visuelle kunstfag hadde late seg inspirere av den kjende norske kunstnaren, og inviterte til kunstopning torsdag.

– Det er ein flott måte å lære på, å herme etter andre kunstnarar, seier kulturskulelærar Gerd Endestad.

Ho fortalde at å måle med olje på lerret er ei oppgåve for dei tolmodige.

– Først må ein teikne opp skissa, og så må ein begynne med bakgrunnen, og det tek lang tid før ein kan begynne på sjølve detaljane i bildet. Ein må lære seg å vente.

I tillegg til Astrup-inspirerte bilde hadde nokre av dei litt eldre elevane prøvd seg på tolkingar av verk frå andre kjende kunstnarar som mellom anna Vincent van Gogh.

Bilda skal no henge i to veker på Vågsøy folkebibliotek for dei som har lyst å ta turen.