Oversikta over attraksjonar og aktivitetar er henta frå Fjordenes Tidende sitt sommarmagasin. Heile magasinet kan du lese her. Du kan også besøke fjt.no sine sommarsider.

Planlegg du ein aktiv sommardag?

Om du treng utstyr til å fylle sommardagane med aktivitet kan du besøke Bua Måløy. Den er lokalisert i nærleiken av Torget i Måløy. BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som skal gjere det enklare for barn og unge å prøve fleire og meir varierte aktivitetar, utan å auke forbruket. Utlånssentralane finn du fleire stadar i både Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven kommunar. Her er det meste av det du treng av utstyr til ein hyggeleg tur til fjells eller strand. Vil du leike deg utan så mykje utstyr har du også fleire moglegheiter til det i Måløy-området. Ved skulane og barnehagane er det flotte leikeplassar, og det finst fleire idrettsanlegg. I tillegg har ein fleire leikeplassar i sentrum, mellom anna på bubilparkeringa og i Gate 1. Fleire aktørar, blant anna Sjøbris Adventure og Storm at Stad driv også med aktivitetar på og i sjøen, og ein kan mellom anna prøve seg på RIB-turar, coasteering eller ein rolegare tur med kajakk.

Står klare med mat og drikke

Det er ikkje farleg å bli svolten medan ein er på tur i Måløy-området. I fjor sommar opna Andreas Foss Iversen og Jon Erik Kvåle Øien dørene til den nye delikatesse- og vinbarsatsinga KB77 // kadaver. Her kan du kjøpe deg herleg mat i butikken på dagtid eller nyte eit glas med noko godt og smårettar på kveldstid. Opna dørene i fjor sommar gjorde også Havna vertshus. Dette er ein familiekafe som tilbyr tradisjonell mat. Her blir det også vist fotballkampar. Havfruen på Torget, som du ser på bildet, er kjende for fiskerettane sine, og har utvida lokala med betre plass til gjestar. Dei koselege kafeane Bjørgs Mat i Måløy og Bakeriet i Deknepollen har også ope. Thailandske rettar kan du nyte hos Torget Mat eller frå matvogna til Nybakks Thaimat på fastlandet.

Fyret med den bognande hagen

Ulvesund fyr ligg lunt og stille til inne i Ulvesundet, omgitt av ein solrik hage som bognar av blomster og bær. Her har ein full oversikt over båttrafikken og det skiftande lyset i Sildagapet, og kan nyte fargerike og fredfulle solnedgangar. Ulvesund fyr blei bygd i 1870, og vart automatisert i 1985. Fyret vart restaurert sommaren 2003, og opninga for offentleg drift fann stad 8.–10. august 2003. Sidan den gang er det Sølvi Helen Hopland Aemmer som har stått for drifta. Denne består av utleige, overnatting, servering, kulturelt program og fyrkafé med utstilling og kreative aktivitetstilbod.

Nyt utsikta over by og hav

På Vågsøy og fastlandet kan ein finne mange fine plassar å sjå ut over hav, bygd og by på. Frå utkikspunktet Ellingskarhornet sør i Måløy kan du nyte ei fantastisk utsikt over byen, Måløybrua og Ulvesundet, og etterpå kan du jo ta ei runde eller to i trimløypene rundt Måløy stadion og Skramsvatnet. Du kan også gå vidare opp i fjella Kjæretoppane og Veten herfrå. Om du vil opp i høgda på fastlandet og sjå utover, kan du besøke dagsturhytta som ligg på fjellet Kletten.

Gir deg eit djupdykk i historia

Om du er interessert i å lære meir om krigshistoria, Måløyraidet og kaptein Martin Linge er Måløyraidsenteret noko for deg. Her blir du tatt med på ein autentisk tur gjennom historia om Operation Archery, Måløyraidet, som fann stad i gatene i Måløy 3. juledag i 1941. Andre etasje i bygget er via til historia rundt sjølve Måløyraidet som føregjekk i gata rett utanfor, med forhistoria, kamphandlingane og verknadane. Tredje etasje gjer ære på kaptein Martin Linge og Kompani Linge og fortel historia rundt Shetlandsfarten. I fjerde etasje finn du utstillinga om Tysklandsbrigaden og dei 50.000 nordmennene som tenestegjorde etter krigen.

Eit populært fotomotiv

Kannesteinen har blitt ein attraksjon som mange vil ta bilde av og på. Den spesielle steinen er forma av havet – bølgjer, is og steinar – gjennom tusenvis av år. Du finn den blant rullesteinane i fjæra i Oppedal, på vestsida av Vågsøy. Når du køyrer frå Måløy til Oppedal, køyrer du gjennom dei idylliske bygdene Holvik, Vågsvåg og Torskangerpoll. I Vågsvåg kan du sjå fleire fargerike hus langs vegen og i Torskangerpoll kan du sjå ei flott naustrekke. For å best nyte utsikta med Kannesteinen, bølgjene og havet er det laga til rasteplass, gangveg og utsiktsplattform rett i nærleiken av steinen.

Legg turen innom øya sitt eldste

Skongenes fyr var det første fyret som vart bygd på Vågsøy i 1870. Fyret ligg nord på Vågsøy mellom bygdene Vedvik og Halsør, og såleis har det nok betydd mykje for båttrafikken på det vêrharde Stadhavet. Fyret var bemanna fram til 1985. Då vart fyret automatisert. Fyr-området består av fire bygningar som omkransar eit indre tun. Du kjem deg ikkje til fyret med bil, så om du vil besøke den fantastiske plassen må du ta turen til fots. Turen går over fjellet frå Halsør. Turen er lett og gå, delvis på grusveg, sti, over svaberg og myrer og gjennom skogen. Ifølge DNT er stien godt merka. Skongenes fyr blir drive av Ytre Nordfjord Turlag som har leigeavtale med Kystverket. Fyrvaktarbustaden er fullt utstyrt og møblert, og blir leigd ut til overnatting.

Her kan du legge til eller parkere

Kjem du til Vågsøy med bubil, campingvogn eller båt, så har du fleire moglegheiter for parkering. Bubilparkeringa i sentrum har gode fasilitetar som sanitærbygg med dusj, vaskemaskin og tørketrommel i samarbeid med Nordfjord Havn. Der er også tilgang til vatn og straum. Her finst det også ein kjekk leikeplass. I sentrum finn ein også gjestehamna Måløyhopen. Her er det plass til 70 gjestar og betaling skjer gjennom ein app. Men det finst også gode moglegheiter for camping utanfor sentrum. I Refvik på Refvik camping, like ved ei av Norge sine vakraste strender, eller på Steinvik camping i idylliske Blålid.

Besøk den gamle handelsstaden

Vågsberget handelsstad er den eldste handels- og gjestgivarstaden i ytre Nordfjord med drift tilbake til 1600-talet. Det er eit av dei best bevarte og komplette anlegga i landet. Nærleiken til rike fiskefelt gjorde også Vågsberget til den viktigaste handelsstaden fram til slutten av 1800-talet. Anlegget omfattar krambu, arrestlokale, eldhus, stabbur, gjestgivarhus, sjøhus med eldre båtar, hovudhus og driftshus. Handels- og gjestgjevarstaden er omkransa med eit parkområde, lett tilgjengeleg frå både sjø og land. Den grunne fjæra som var så praktisk for dei gamle båttypane, innbyr i dag til leik og oppdagingar for små nysgjerrige utforskarar. Utanom sesongen er det populært å leige Vågsberget til fest og merkedagar.

Tar imot over 40 cruiseskip

Dette er det andre året der Måløy er ei stor cruisehamn. Det er planlagt 42 anløp frå 15. mai til 20. september. Desse fordeler seg slik: fire i mai, 16 i juni, sju i juli, ti i august og fem i september.

Det lengste skipet som skal legge til kai i Måløy denne sesongen er Anthem of the Seas med sine 348 meter. Skipet har plass til nær 5.000 passasjerar. Dette skipet kjem på besøk i kystbyen 20. juni. Dette blir verkeleg ein stor cruisedag i Måløy, då det også kjem to andre cruiseskip denne dagen. Dei to andre skipa som kjem er Amera og Costa Firenze, som er høvesvis 230 og 323 meter. Ved dei fleste anløp vil det vere kulturelle innslag og mykje liv og menneske i sentrum. Det blir også anløp under andre store arrangement i Måløy som Måløydagene og under Elvisfestivalen.