– Sidan vi, så langt vi veit, er dei einaste i Sogn og Fjordane som arrangerer, er vi svært spent på om vi også i år kjem i landstoppen når det gjeld deltakarar på dette kjempepopulære arrangementet, skriv initiativtakarane.

HalloVenn er ein fest med fokus på vennskap og hyggjelege aktivitetar meir enn det skremmande ved halloween.

HalloVenn er eit samarbeid mellom kyrkjekontoret, sokneråda i kommunen og frivillige.

– Dei som vil kan kle seg ut med morosame kostyme. Sidan temaet er vennskap, oppmodar vi folk til å kle seg slik at dei ikkje skremmer alle små og store som vil bli venn med dei.

Arrangementet går føre seg i Eid idrettshus.