Skulemusikalen ved Eid vidaregåande skule leverte ei herleg bloddrypande historie på scena i Operahuset i helga.

Sweeney Todd er ein krevjande musikal både å spele og synge, men dei unge elevane imponerte. Det var likevel syskenparet Paul og Martha Standal Pavelich i hovudrollene som briljerte på scena.

Dei gav alt dei hadde. Både skodespel og vanskelege songparti sat som det skulle på premieren fredag.

Hat og hemnlyst

Paul levde seg engasjerande inn i rolla som Sweeney Todd på ein karismatisk og truverdig måte med ein solid dose hat og hemnlyst. Med hjelp av barberkniven sin ryddar han opp i gamal urett. Saman med fru Lovett opnar han ei uhyggeleg blanding av barbersjappe og pai-restaurant, og ingen spør kvar kundane hans blir av.

Martha gjer ein flott figur som den kreative og medsamansvorne fru Lovett, som etter kvart får eit suksessfullt paibakeri, med lett tilgang til råvarene. Martha sin ansiktsmimikk og kroppsspråk var svært fornøyeleg for publikum.

Grufull og komisk

Musikalen Sweeney Todd er ein grufull og samtidig komisk musikal med fantastisk musikk og interessante karakterar.

Rektor Ove Bjørlo var ein av mange som var fulle av lovord, trass i ein makaber musikal.

– Eg er heilt klart stolt og rørt over elevane våre. Dette kjem ikkje av seg sjølv. Det ligg mykje arbeid bak. I vinterferien stilte dei opp og øvde, seier ein imponert Bjørlo.

– Vi seier kvart år at no kan ikkje musikalane våre toppe seg sjølv lenger. Dei er så bra, men kvart år slår dei til igjen. Det er ellevte gong vi har musikal ved skulen vår. For å få det til er vi avhengig av tilsette og ikkje minst Michael Pavelich og Candice Bredesen. Det er mange i apparatet som står bak musikalen. Her er også elevar som aldri før har stått på ei scene. Det gjer noko med elevane at dei får vere med på noko slikt. Det bur mykje i ungdommen, fastslår rektor.