Mange utanlandske turistar vil også denne sommaren komme til den flotte regionen vår, der ein kan oppleve utruleg mykje. Og fleire stadar, mellom anna i Måløy, vil ei ny cruisehamn by på nye moglegheiter for turistane.

Men nordmenn er også turistar i eige land. Dei skal besøke krokar og krikar dei kanskje ikkje har besøkt før, eller oppsøke stadar og opplevingar dei har eit nært forhold til. Det er heller ingenting i vegen for å prøve seg som turist i eigen region. Kanskje er det mange flotte stadar i nærområdet som du ikkje visste om?

Slik ser magasinet Havsalt sommar 2022 ut. Det er Liv Hilde Gotteberg som har tatt det flotte bildet av Hoddeviksanden sett frå Mosekleivhornet. Foto: Skjermdump

Ute med magasin

Magasinet Havsalt sommar er breiddfullt av opplevingar og attraksjonar i Nordfjord og på kysten – mellom Kinn i sør til Vanylven i nord.

Magasinet ligg som vedlegg til avisa fredag 27. mai til deg som er abonnent eller kjøper avisa på butikken. I tillegg skal turistinformasjonar, serveringsstadar, reiselivsbedrifter, kjøpesenter og butikkar dele det ut til besøkande i sommar. Båtturistar og bubilgjester skal også få det.

Det blir også laga ein digital versjon som er lett tilgjengeleg. Den er det berre å dele med folk du kjenner som bur andre stadar i landet.

Her kan du lese den digitale utgåva av Havsalt sommar

I magasinet får du informasjon om stadar å besøke og ting å gjere i vakre omgjevnadar. I tillegg profilerer lokalt næringsliv, lokale bedrifter, reiselivsbedrifter og kommunane seg i magasinet.

Ein «normal» sommar

– I år blir jo sommaren normal utan restriksjonar, og det er lagt opp til fleire store cruiseanløp i Måløy. Saman med alt det andre som skjer, så det vil komme mange turistar til området vårt. Derfor har vi i år har også laga fire sider i magasinet på engelsk der vi viser fram 20 attraksjonar som er kjekke for tilreisande, seier marknadsrådgjevar Kim Andre Gangeskar.

– Vi trur det er kjekt for turistane, men også fastbuande, å ha eit sånt magasin som gir oversikt over ting å sjå og gjere i området, supplerer marknadsrådgjevar Monica Refvik.

Ho fortel om nok ei nyvinning i årets magasin.

– No er det jo endeleg lov med festivalar igjen etter to år med pandemi, så vi har også laga ei festivaloversikt, og ønsker både publikum og arrangørar ein god festivalsommar!

Marknadsrådgjevarane Monica Refvik og Kim Andre Gangeskar gler seg til å begynne å levere ut Havsalt sommar. Foto: Svanhild Breidalen