– Vi har blitt ein anerkjent festivalarrangør også i Memphis, og vi får plukke artistar på øvste hylle, slår festivalsjef Helge Hjelle fast.

Etter årets Elvisfestival var han og delar av komiteen på tur til verdas største Elvisfestival i Memphis for å knyte kontaktar. Her fekk dei også med seg kåringa av verdas beste Elvis tributeartist, som går føre seg over to dagar. Og vinnaren vart Victor Trevino jr.

– Og hans namn står på plakaten til neste års elvisfestival, smiler Hjelle.

Verdsmeister Victor Trevino jr. kjem til Elvisfestivalen i Måløy neste år. Foto: Pressefoto

Ikkje heilt friskmeldt

Sjølv om arrangørane var godt fornøgde med årets festival, merka dei, som fleire andre, at publikum har endra vanar.

– Trass i dette var vi godt fornøgd med oppmøtet, samanfattar Hjelle, som understrekar at det var svært mange tilreisande, også til årets festival.

Og etter ein vellukka festival og ein inspirasjonstur til Memphis er komiteen igjen klare for å lage festival i Måløy 3. 4. og 5. august neste år.

– Vi bygger opp festivalen på same måte som vi har gjort, men det blir ein heilt ny kyrkjekonsert og nye show i festivalteltet fredag og laurdag.

Det blir Elvisfestival i Måløy 3., 4. og 5. august neste år. Då blir det mellom anna kyrkjekonsert og show i festivalteltet. Foto: Thomas Hagen/Galleri H

CD blir show

Fredagen blir det to hovudshow i festivalteltet. Det eine «A great tribute to Elvis in Måløy» bygger på CD-en som festivalen har fått spelt inn. Det andre showet fredag kveld har fått namnet «50 years golden celebration». Det blir også fem andre minishow denne kvelden.

Laurdagens hovudshow, «Elvis on tour» blir ein kopi av eit show som blir spelt rundt om i USA i desse dagar. I showet i USA har tre av fem tributeartistar alt vore på besøk i Måløy.

– Det seier litt om kvaliteten på festivalen vår, seier Geir Tharaldsen i komiteen.

Dette showet består av 25 elvissongar. Kveldens andre hovudshow blir «Elvis live in Memphis».

Festivalen tjuvstartar programmet onsdag 2. august med kinoframsyning av den nye «Elvis»-filmen. Torsdag blir det kyrkjekonsert. Den har fått namnet «An American Trilogy».

– På dagtid i tre dagar skal vi fylle gatene med arrangement for alle og lage ein ny folkefest med paradar og flotte musikkopplevingar, seier Tharaldsen.

Under inspirasjonsturen til Memphis kom komiteen så nær Elvis som det er mogleg å kome. I ein hotellobby møtte dei Priscilla Presley. Ho vart fasinert over logoen på t-skjorta til Helge Hjelle. Noko som førte til ei samtale om Elvisfestivalen mellom dei to. Foto: Privat
Under turen til Memphis besøkte komiteen Elvis si grav. Her set Anita Bjerkås Olsen ned det norske flagget. Foto: Privat