Ifølge henne sjølv «ein enkel sommarvikar», men eg synest ho var veldig dyktig, så då blei eg usikker på om eg verkeleg skulle gjere det her. Men søren heller. Eg kan ikkje vere noko dårlegare. Foto: Kjellrun Åsebø
Så då får eg heller kanalisere Dina Bovim, sommarvikar i Firdaposten, som kanaliserer Arne Hjorth Johansen. Det bør gå bra. Foto: Kjellrun Åsebø
Dette er Eva i arrangementskomtieen. Flyet med artistane fekk ikkje lande på Sandane på grunn av vind. Dei måtte lande i Sogndal, så no er alt litt forsinka. – Eg elskar dette kaoset, seier ho. Foto: Kjellrun Åsebø
I sette på band på handa-luka er stemninga på topp frå start. Det lovar svært bra. Foto: Kjellrun Åsebø
Første mann ut på scena er Ruben. Foto: Kjellrun Åsebø
Vel eigentleg ikkje. Det var Even Melheim Mulelid. Her er han. Godt førebudd i tilfelle mykje regn. Foto: Kjellrun Åsebø
Ruben liker å danse. Han hoppar litt rundt. Foto: Kjellrun Åsebø
Og har nokon åle seg-moves som slår godt an hos publikum. Foto: Kjellrun Åsebø
Dette er Vilde. Ho har bursdag laurdag under Strandfestivalen. På dette tidspunktet veit ho ikkje kva som snart kjem til å skje. Foto: Kjellrun Åsebø
– Har du bursdag i dag? Då må vi jo synge til Vilde! Foto: Kjellrun Åsebø
Det blei veldig koseleg. – Og litt kleint, seier Vilde sjølv om både ho og venninnene synest det var veldig hyggeleg av Ruben å gjere det. Foto: Kjellrun Åsebø
Det er god stemning allereie etter ei lita stund. Og det syngast framfor scena. Foto: Kjellrun Åsebø
Og litt lenger vekke frå scena. Foto: Kjellrun Åsebø
Den gode stemninga kan ha noko med desse i Strandbaren å gjere. Foto: Kjellrun Åsebø
Og med dette: køen for å kjøpe bongar. Foto: Kjellrun Åsebø
Den er lang. Foto: Kjellrun Åsebø
Langt bak i den står Tone og Inga. Men dei var ikkje sure for at dei hadde eit godt stykke igjen før dei var i mål. Foto: Kjellrun Åsebø
Eller det kan ha noko med han her å gjere. Han sa til publikum at han skriv mest triste songar, men at han også har skrive éin som handlar om....sex. Foto: Kjellrun Åsebø
Det blei ikkje feil det. Foto: Kjellrun Åsebø
– De gjer det ganske varmt her, sjølv om det er kaldt, sa Ruben til publikum. Foto: Kjellrun Åsebø
Ruben kan å flørte med publikum. Og han var nok sikkert litt varmare på scena enn publikum sidan han dansa heile tida. Foto: Kjellrun Åsebø
Nokon spring litt rundt for å halde varmen. Foto: Kjellrun Åsebø
Men dei har tid til å stoppe opp for å bli tatt bilde av. Humøret er på topp før dei spring vidare. Foto: Kjellrun Åsebø
Det er godt å ha Røde kors på plass. Medan eg står og snakkar med dei som er på festivalen frå Røde kors, ser eg scena frå ein annan vinkel. Foto: Kjellrun Åsebø
Og innser at NOMIL også har veldig store boss-sekkar. Foto: Kjellrun Åsebø
Dette er Geir og Petter, vakt og legevakt. Dei er ein god start på festivalen for alle som skal inn på området. Foto: Kjellrun Åsebø
Det var mykje kjærleik og gode følelsar på Strandfestivalen. Foto: Kjellrun Åsebø
Også mellom arbeidskameratar. Eller tilsett og sjef. Eller ein slags sjef. Dei blei ikkje heilt einige. Foto: Kjellrun Åsebø
Og nokre viste det tydlegare enn andre. Foto: Kjellrun Åsebø
Fordi på festivaler er alt LOVE. Foto: Kjellrun Åsebø
Punktum. Foto: Kjellrun Åsebø
Det var god stemning i denne gjengen. Foto: Kjellrun Åsebø
– Ta eitt bilde til då! Foto: Kjellrun Åsebø
I starten kom det fleire og fleire sivande inn på området og til slutt var det veldig mange i konsertområdet og mange spreidd litt utover området. Det er jo trass alt ei fotballbane det her. Foto: Kjellrun Åsebø
Eg innser at eg har stått og frose på denne bana mange gongar tidlegare for å sjå Tornado-kampar. Men no er det ikkje kaldt sjølv om det berre er 10 grader. Kanskje er det noko i det Ruben sa? Foto: Kjellrun Åsebø
Dette er ein guttegjeng bakifrå. Foto: Kjellrun Åsebø
Dette er same guttegjengen framifrå. Eller det er ein til fordi han som tok bilde av dei ovanfor også er med på dette. Dei meinte desse to bilda burde vere på framsida og baksida av avisa. Ingen dum idé eigentleg. Foto: Kjellrun Åsebø
Kvelden er framleis ung og folk kosar seg. Foto: Kjellrun Åsebø
Eg blei litt imponert over han her og måten han bar boksane på. Foto: Kjellrun Åsebø
Eller så er det berre ein veldig lang boks. Han ser at eg er imponert. Foto: Kjellrun Åsebø
To lykkeleg kameratar... Foto: Kjellrun Åsebø
... som vil ha med venninna på bildet. Foto: Kjellrun Åsebø
Og det klarte dei. Foto: Kjellrun Åsebø
Det er ingenting å seie på stemninga her. Foto: Kjellrun Åsebø
Dei også vil ha med ei venninne til på bildet. Foto: Kjellrun Åsebø
Og fekk det til på eit vis. Foto: Kjellrun Åsebø
Det står folk overalt på området. Nokre lyttar til musikken. Nokre snakkar. Foto: Kjellrun Åsebø
Og nokre snakkar tettare enn andre. Foto: Kjellrun Åsebø
Nokre er samla frå ulike plassar i landet. Foto: Kjellrun Åsebø
Nokre nyt musikken og kosar seg. Foto: Kjellrun Åsebø
Nokre dansar. Foto: Kjellrun Åsebø
– Du må skrive at vi har vore her sidan torsdag på campen. Og at vi synest det var så synd for arrangørane at fredag blei avlyst. Vi har vore på Strandfestivalen før og vi kjem igjen. Foto: Kjellrun Åsebø
Faktisk var det ganske mange som dansa. Foto: Kjellrun Åsebø
Både venninner. Foto: Kjellrun Åsebø
Og kompisar og par. Foto: Kjellrun Åsebø
Og nokre dansa oppå ting. Foto: Kjellrun Åsebø
Og ein klarer faktisk ikkje å unngå å bli glad på heile greia. Foto: Kjellrun Åsebø
Alle er i så godt humør. Foto: Kjellrun Åsebø
Du blir glad av alle du høyrer ler. Foto: Kjellrun Åsebø
Og du blir glad av folk som ikkje leikar strandfestival. Foto: Kjellrun Åsebø
– Er det strandfestival, så er det strandfestival, sa Øystein. Foto: Kjellrun Åsebø
Dette er eit askebeger. Foto: Kjellrun Åsebø
Og dette er do. Eg heldt meg i staden for... Foto: Kjellrun Åsebø
Og no begynner eg å få problem. Fordi eg hadde lasta over alle bilde i natt og sat til 02.40 med å sortere alle bilda eg ville ha med. Foto: Kjellrun Åsebø
Tanken var å fullføre bildeserien på natta og publisere klokka tre eller fire i god kollega Arne Hjort Johansen-stil, men auga mine vil ikkje samarbeide. Det er eitt eller anna med augelokka. Foto: Kjellrun Åsebø
Og no har eg klart å mangle nokre bilde. Faktisk ein heil del. Så eg må gjere jobben på nytt. Bildeserien kjem nok ut søndag kveld. Eller måndag morgon. Her er ein som ber på ein stol. Foto: Kjellrun Åsebø
Men kanskje det ikkje gjer noko at bildeserien kjem ut seint. For dei fleste som var på festivalen søv nok endå. Foto: Kjellrun Åsebø
Nokon som fortener å sove lenge er Kent Rune Bugjerde og resten av arrangementkomiteen. For ein dugnadsinnsats av den vesle bygda! Foto: Kjellrun Åsebø
Tenk å få til ein slik - heilt unik - festival. Foto: Kjellrun Åsebø
Her er det CC Cowboys som spelar og klokka har bikka 22. Folk er godt i farta. Foto: Kjellrun Åsebø
Og humøret er på topp. Foto: Kjellrun Åsebø
Hmmmm... Foto: Kjellrun Åsebø
No må vi litt tilbake i tid. For her spelar Chris Holsten. Han også liker visst det triste, seier han. Akkurat som Ruben. Foto: Kjellrun Åsebø
– Jeg elsker at dere synger med! Jeg elsker det! Jeg elsker det! Jeg elsker å gå gjennom hele følelsesregisteret. Og jeg elsker å hoppe og sprette rundt! Foto: Kjellrun Åsebø
Chris Holsten og Ruben må ha gått på samme dansekurs. For dei kan å hoppe og åle seg rundt til stor respons frå publikum. Her trur eg han kvilar seg litt på ryggen til gitaristen. Foto: Kjellrun Åsebø
– Er det ikke digg å vere på festival igjen? Og dette må være Norges fineste sted - Refvik! ropte Chris Holsten. Foto: Kjellrun Åsebø
Chris Holsten får til og med hjarta til lamaene på garden ved sidan av til å slå. For første gong løfter dei blikket frå matfatet. Foto: Kjellrun Åsebø
På samme måte som Ruben, måtte Chris Holsten sette seg ned og ta ein pust i bakken etter all dansinga. Foto: Kjellrun Åsebø
– Skål Refvik! Foto: Kjellrun Åsebø
Sjølv om det var bra trøkk i høgtalarane liker nokre å ha musikken tettare innpå enn andre. Foto: Kjellrun Åsebø
– Eg håper du kuttar vekk skoa mine fordi dei er blitt så skitne. Foto: Kjellrun Åsebø
Eg synest dei såg bra ut med tanke på at dei er kvite. Foto: Kjellrun Åsebø
Viss du var på festivalen og ikkje har sett bilde av deg sjølv enno er sjansen stor for at du kjem til å sjå deg sjølv seinare søndag - eller måndag morgon. Foto: Kjellrun Åsebø
Note to self: Ikkje prøv å systematisere bilda dine etter åtte timar på festival. Vent til morgonen etter fordi det rett og slett er lurare. Foto: Kjellrun Åsebø