– Det verste er nok at du ser at du har utfordringar som ein ikkje kan møte, for alt er skore til beinet. Ungdomsarbeidet er det som lir mest akkurat per i dag, seier kultursjef Grete Berntzen.

Robek-kommunen har over fleire høve nytta ostehøvel-prinsippet i budsjettarbeidet, og politikarane må også i år vedta eit nytt budsjett og økonomiplan etter at Fylkesmannen ikkje godkjende vedtaket frå desember. Der kutta ein mellom anna 220.000 kroner frå kulturlivet.

– Det gir ikkje så stort handlingsrom for å skape nye ting. Ein må vere litt kreativ for å få noko ut av det du har, og det føler eg at vi har lykkast med i Bremanger. Vi har også veldig mange som likar å jobbe frivillig, og hadde det ikkje vore for dei så hadde det vore veldig mykje meir utfordrande.

Går ut over ungdomsarbeid

Den største utfordringa innanfor kultur er ungdomsarbeidet i kommunen.

– Der ser vi at vi er heilt avhengige av frivillige. Vi har fire volontørar frå European Voluntary Service som jobbar i kulturavdelingane. Hadde det ikkje vore for dei, så hadde vi mellom anna ikkje klart å halde ungdomsklubbar opne. Ungdomsarbeidet er kanskje den delen av avdelinga som lir mest, og det ser vi på som veldig utfordrande, for vi har, som alle kommunar, utfordringar i ungdomsmiljøet og skulle gjere ha bidratt meir, seier kultursjefen.

Meir gruppeundervisning

Ho synest politikarane har vore flinke å beskytte kulturlivet i tronge økonomiske tider.

– Dei har vore flinke til å ta vare på kulturskulen opp i alt dette, seier Berntzen, som også er rektor for kulturskulen.

Kutt gjer at ein likevel må ta grep der.

– Vi må redusere vikarbruk, noko som er dyrt. Vi har ein desentralisert modell i kulturskulen, og det er slike ting som blir utfordrande. Tilbodet blir ramma av slike kutt og vi er i ein situasjon der vi må løfte kvar stein. Så må vi sjå på korleis vi kan få inn eksterne inntekter, seier kultursjefen.

Ho fortel at ein må prøve å finne tilbod som ikkje er for kostnadskrevjande og satse meir på gruppeundervisning i kulturskulen.

Frå næringsfond til kultur

Kultursjefen meiner likevel at Bremanger er ein kommune som legg til rette for, og vil satse på, kultur. To gongar i året kan ein søkje om midlar frå næringsfondet til kulturelle aktivitetar i kommunen (sjå sak under for tildeling) og i vårens runde blir det delt ut nær ein halv million kroner.

– Det er veldig morosamt for ein kultursjef å sjå kor mange søknader, kor stor breidde og kor stort mangfald det er når det gjeld frivillig aktivitet i kommunen. Kulturlivet blomstrar trass i vanskelege økonomiske tider, seier kultursjefen.

Berntzen er godt kjend i kulturlivet i kommunen gjennom musikk og kulturskule, og starta i jobben 1. mars i år.

– Det er ein frykteleg hyggeleg måte å bli kjend med kulturlivet på, å få lese om desse gode prosjekta som dei kjem med.Ein blir, om mogeleg, meir nysgjerrig på kva som rører seg i skyttarlag og grendelag, avsluttar kultursjefen.