Namn:Kristin Heggen
Alder:50 år
Sivilstatus:sambuar, tre søner
Bustad:Nordfjordeid
Yrke:forsikringsspesialist i Sparebanken Sogn og Fjordane

- Kva er du mest oppteken av?

- Å få ting til å gå rundt i kvardagen. Vere der for mine nærmaste, gjere ein ok jobb, ha det bra, og ha kontroll på økonomien.

- Kva gjer du på fritida?

- Eg har hund og bruker ein del tid på å gå turar i fjellet. Har nettopp begynt med jakt og skyting, og trenar leirdueskyting med hagle ein til to gonger i veka. Og så er eg heiagjeng på handball- og fotballkampane til gutane mine.

- Kven beundrar du?

- Folk som jobbar med barn, sjuke og gamle mennesker.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Naturen, mangfaldet og dugnadsånda.

- Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

- Tidenes største vegsatsing i Nordfjord gir bruer og opprustning av vegnettet både i ytre, midtre og indre Nordfjord.

- Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

- Trur ikkje eg kunne få til noko betre enn dei som har dette som jobb, har gjort det lenge og er valde av folket. Eg meiner at ein skal ha respekt for andre sitt yrke, og passe seg for å kritisere før ein har gått i deira sko ei stund.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Kaizers ei sein fredagsnatt på Malakoff for nokre år sidan. Det var magisk! Stemninga, musikken, vêret – ALT! Det har vore mange fleire magiske opplevingar på Malakoff, men denne hugsar eg best.

- Kva har du på nattbordet?

- Vekkjarklokka og telefonen. Trur eg må vere den einaste som ikkje har bok på nattbordet. I alle fall den einaste som innrømmer det. Har hatt det, men det er lenge sia.

- Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

- Facebook, E-post, VG, NRK Sogn og Fjordane og Yr. Sit framfor skjermen heile dagen på jobb, så eg begrensar nettbruken på fritida til eit minimum.

- Kva er meininga med livet?

- Å gjere det beste ut av det eine livet vi har. Gjere gode valg for seg sjølv og andre. Prøve å gjere verda til ein betre stad å leve for etterkomarane våre.