Grete Berntsen er med i Silisium Vokal som har debutkonsert på Svelgen Omsorgssenter fredag og på Kulturhuset Heimen laurdag. Ho er intervjua i vår Fort sagt-spalte:

Namn: Grete BerntzenAlder: 44 årAdresse: KalvågSivilstatus: SambuarYrke: KulturskulerektorHobby: Musikk, mat og vin

– Kva er Silisium Vokal?

– Det er eit vokalensemble som er sett saman av ni damer frå Bremanger kommune. Det er damer som har vore solistar i andre samanhengar og som hadde lyst til å slå seg saman for å synge meir krevjande repertoar og gjerne litt nyare rytmisk musikk. Ensemblet vart starta i vår, og konsertane til helga er første gang med alle songarane og band.

– Kvifor har de valt det namnet?

– Vi leitte veldig lenge etter eit namn. Vi hadde lyst på eit namn som spegla kommunen, utan at det handla om fjell, hav og ørn. Vi hadde lyst til å spegle ein annan, men like viktig, del av kommunen. Etter ei lang drodling sa ei silisium. Og det vart heilt stille. Vi leste om eigenskapane til silisium, og det er eit stoff som er vener med alle og som er allsidig. Vi kjente oss veldig igjen i det. Det kling bra, og stoffet har eigenskapar som vi kan identifisere oss med.

– Kva får publikum høyre på konsertane?

– Vi har både musikalsvisker og filmmusikk. Vi har hits frå 80-talet og vi har nydelege a capella-songar. Rett og slett litt for alle. Og så har vi eit kanonbra band med oss. I bandet spelar Jarle Grotle, Raimund Hoclas, Espen Skartun og Tor Olav Helldal.

– Kven passar konserten for?

– Den her konserten trur eg passar for alle som likar god musikk, alle som liker damer, alle som likar menn, alle som likar fargen grønt og alle som syns det er kjekt å få med seg det som skjer. Og folk slepp å vere redde for å miste Stjernekamp-finalen. Den viser vi på storskjerm etter konserten!

– Dette er debutkonserten dykkar. Korleis blir det å få vise fram det ein har arbeidd med?

– Det er vi veldig klar for. Vi har jobba ganske lenge med desse låtane, men samstundes ikkje lenge nok. Vi er ni veldig travle damer, så det er vanskeleg å møtast. Men vi har litt lengre øvingar ein til to gongar i månaden.

– Har Silisium Vokal fleire konsertplanar framover?

– Vi skal vere gjester på juleshowet på Knutholmen 9. desember. Då er det Juletøtter med nye julenøtter og Silisium Vokal er hovudgjester. Så då kan dei som vil høyre oss synge julemusikk dukke opp der.