The Pink Robots frå Nordfjord er nominert til millionstipendet til a-ha.

Bandet har for tida base i Bergen, men tre av medlemene kjem frå Selje (John-Erik Åhjem, Hans Christian Helgesen og Line Vederhus) ein frå Bryggja (Jens Petter Haugan) og ein frå Bodø (Christoffer Smedaas).

Bandet skal onsdag 30. juni duellere mot Susanne Sundfør på VG-lista i Stavanger.

Sundfør er ein etablert artist, og tøff konkurranse for rosa robotar frå Nordfjord.

- Difor treng vi all hjelp vi kan få. Og vi har tru på at vi kan greie det, seier Hans Christian Helgesen.

Helgesen fortel at då dei vann Årets Urørt-prisen i januar fekk utruleg mykje støtte og hjelp frå heimbygdene.

- Håpar folk ikkje er leie av at vi masar om å stemme på oss. For The Pink Robot er det i det heile tatt å verte nominert er ei stor anerkjenning. Det varmar om hjarterota at a-ha har trua på oss, seier Helgesen.

Les heile saka i papirutgåva måndag 28. juni.