Påskevandring i barnehagane i Eid har vorte ein fast tradisjon. Det er spennande for barnehagebarna i Gjerande barnehage når kateket Beate Folkestad Osdal vaskar beina deira, og dermed levandegjer historia om Jesus som vaska beina til læresveinane i påska.