Olav Stedje har gitt ut fleire plater, og på 1980-talet deltok han i Melodi Grand Prix heile tre gongar. 17. mars kjem han til Svelgen Samfunnshus i Bremanger kommune.

Turneen «Vest for verdas ende» som Stedje er på i Sogn og Fjordane, er i forbindelse med Folkeakademiet sitt Syng ut-prosjekt.

Artisten slo gjennom med plata Vi vandrar saman i 1981, og bruk av eiga dialekt var banebrytande på den tida, også i popmusikk. Låten Vi vandrar saman, som handla om kjærleik, kjensler og omsorg for kvarandre, fekk stor suksess og har vore gjennomgangstonen i konserten «Vest for verdas ende».

I dag syng og spelar Stedje på både skular og eldresenter, i tillegg til å vere med på nokre revyar, skriv Folkeakademiet i ei pressemelding.