Billettsalet til Mezzoforte har gått så det susa. Og arrangørane ordnar med overnatting for dei som ikkje kjem seg heim att.

Laurdag 26. september kan ein høyre det kjende bandet Mezzoforte på Havly pensjonat i Bremanger.

Ettersom det er kolonnekøyring gjennom den brannskadde Skatestraumtunnelen, har arrangørane ordna med overnattingsmoglegheiter til publikum som ikkje kjem seg heim att etter konserten.

– Utfordringa er at fleire ikkje kjem seg heim att på laurdagskvelden. Vi har eit bed and breakfast-tilbod, der vi serverer frukost på Havly og har ordna overnatting i bygda for dei som ikkje kjem seg heim, fortel Norvall Klungresæter, som ber interesserte ta kontakt.

Han fortel vidare at det har vore stor interesse for å få med seg Mezzoforte-konsert, og billettane minkar. Mezzoforte slo gjennom med plata Garden Party tidleg på 80-talet og har turnert i heile verda.

Bandet sin musikk vert karakterisert som fusion, ei blanding av pop, funk og jazz. Mezzoforte har halde det gåande i snart 40 år, med nokre utskiftingar undervegs og er kjend for godt samspel med sterke enkeltprestasjonar.