– Vi må avlyse konsertane fredag på grunn av sterke vindkast og fare for dei på scena og publikum. Det har med sikkerheita på scena å gjere. Når det blir så sterke vindkast vil det ikkje vere forsvarleg, seier Eva Marie Pleym i festivalkomiteen.

Tar ingen sjanse

Festivalarrangørane tar ingen sjanse på at noko på scena kan blåse av eller ned og vere til skade for nokon. Det er Norsk produksjon som står for lyd, lys og scene under Strandfestivalen.

– Dei har tatt ei avgjersle på at dei vindkasta som er no er for sterke, seier Pleym.

Dei har kontakt med Meteorologisk institutt også om morgondagen. Ifølge meldingane ser det betre ut.

Håp om laurdag

– Det ser betre ut. Det blir mest sannsynleg mindre vind då. Scenefolka jobbar i tillegg med å sikre scena ytterlegare, seier Pleym.

Dersom heile arrangementet blir avlyst blir festivalpass refundert.

– Men dagsbillettar blir refundert. Det står informasjon om dette på tikkio, seier Pleym og beklagar at det ikkje blir konsertar fredag.

– Vi håper morgondagen blir god. Dersom nokon har billettar berre til fredag vil dei kunne endre desse til laurdag dersom dei ønsker det, seier ho.